«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Josvas bok 18

1  So kom heile Israels-lyden saman i Silo, og der sette dei upp møtetjeldet; for no var landet vunne og låg for deira fot.

2  Men endå var det att sju av Israels-ættene som ikkje hadde skift odelsjordi si.

3  Då sa Josva til Israels-borni: Kor lenge vil de drygja fyrr de kjem og eignar til dykk det landet som Herren, Gud åt federne dykkar, hev gjeve dykk?

4  Kom med tri mann av kvar ætt, som eg kann senda i veg, so skal dei stella seg til og fara kring i landet og skriva upp alt det dei ser, so me kann vita kor mykje der er å skifta; sidan skal dei koma attende til meg.

5  So skal de byta landet i sju luter og skifta dei millom dykk! Juda-borni skal verta verande i det landet dei hev fenge der sud, og Josefs-ættene i sitt land her nord;

6  men de skal skriva upp alt som er i landet, i sju bolkar, og koma hit til meg med det de hev skrive, so skal eg kasta lut for dykk her, framfor Herrens, vår Guds, åsyn.

7  For levitane fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme er deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav dei.

8  So gjorde mennene seg reiduge og for, og då dei tok ut, sa Josva til dei at dei skulde skriva upp alt dei såg i landet; han sa: Tak i vegen og far kring i landet og skriv upp alt de ser der, og kom so attende til meg! So skal eg kasta lut for dykk framfor Herrens åsyn her i Silo.

9  Dermed tok mennene av stad og for kring i landet og skreiv upp by for by i ei bok i sju bolkar. So kom dei attende til Josva, til Silo-lægret,

10  og Josva kasta lut for dei framfor Herrens åsyn; der, i Silo, skifte han landet millom Israels-borni etter folkegreinene deira.

11  Den fyrste luten fall på Benjamins-borni og ættgreinene deira; det landet dei fekk, kom til å liggja millom Juda-borni og Josefs-borni.

12  Fylkesdeilet gjekk på nordsida ut frå Jordan og uppetter til åsen nordanfor Jeriko og stemnde so vestetter upp i fjellet og fram til øydemarki ved Bet-Aven.

13  Derifrå tok det burtyver til Luz, til åsen sunnanfor Luz, der Betel ligg, og gjekk so ned til Atrot-Addar yver det fjellet som ligg sunnanfor Nedre Bet-Horon.

14  So gjorde skiftelina ein sving og vende seg på vestsida sudetter frå det fjellet som ligg beint sunnanfor Bet-Horon, til ho enda innmed Kirjat-Ba'al, ein by som høyrde Juda-borni til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestsida.

15  På sudsida gjekk fylkesdeilet frå enden av Kirjat-Jearim - der var det skiftelina tok til i vest - og fram til Neftoahvass-kjelda.

16  So gjekk skiftelina ned til foten av fjellet som ligg midt for Hinnomssons-dalen, nordanfor Refa'im-dalen, tok so ned i Hinnomsdalen, på sudsida av Jebusitaråsen, og ned til En-Rogel.

17  Sidan svinga ho mot nord og gjekk fram til En-Semes og til Gelilot, som ligg midt for Adummimkleivi, og tok so ned til den steinen som heiter etter Bohan Rubensson.

18  Der tok ho yver til den åsen som ligg rett nord for Ha'araba, og so ned til Ha'araba.

19  Sidan heldt ho fram til nordsida av Bet-Hoglaåsen og enda i den nørdste viki av Saltsjøen, attmed Jordan-osen. Dette var fylkesdeilet i sud.

20  På austsida var det Jordan som var deile. Dette var odelsjordi åt Benjamins-borni og ættgreinene deira, med fylkesdeildene rundt ikring.

21  Byane som Benjamins-ætti og greinene hennar fekk, var: Jeriko og Bet-Hogla og Emek-Kesis

22  og Bet-Ha'araba og Semara'im og Betel

23  og Ha'avvim og Happara og Ofra,

24  og Kefar-Ha'ammoni og Haofni og Geba, tolv byar med grendene ikring;

25  Gibeon og Rama og Be'erot

26  og Mispe og Hakkefira og Hammosa

27  og Rekem og Jirpe'el og Tarala

28  og Sela, Haelef og Jebus, som no heiter Jerusalem, og Gibat og Kirjat - fjortan byar med grendene ikring. Dette var landet åt Benjamins-borni og ættgreinene deira.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23