«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Josvas bok 16

1  Den landsluten som fall på Josefs-borni, tok til aust med Jordan-åi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jeriko-kjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel.

2  Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz og gjekk so burtyver til arkit-eigni, til Atarot;

3  der tok han vestetter ned til jafletit-eigni, heldt fram til Nedre Bet-Horon-eigni og Geser og enda utmed havet.

4  Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efra'im, fekk til odel og eiga.

5  Landet åt Efra'ims-borni og ættgreinene deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon

6  og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta'anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah

7  og tok frå Janoah ned til Atarot og Na'ara, strauk frammed Jeriko og gjekk ut i Jordan.

8  Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efra'ims-borni og ættgreinene deira,

9  og attåt det dei byane som vart utskilde åt Efra'ims-borni i Manasse-fylket, både byane og grendene som låg ikring.

10  Men Efra'ims-borni dreiv ikkje ut dei kana'anitane som budde i Geser; kana'anitane vart buande i Efra'ims-fylket, som dei gjer den dag i dag, men laut gjera trælearbeid.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23