Josvas bok 15
1 Juda-borni og ættgreinene deira fekk sin lut burtimot Edom-landet, sudmed Sin-øydemarki, lengst sud.
2 Landskilet deira gjekk på sudsida ut frå enden av Saltsjøen, frå den viki som sting lengst i sud,
3 tøygde seg sud um Akrabbimskardet og tok so yver til Sin og uppetter sunnanfor Kades-Barnea; so gjekk skiftelina yver til Hesron og upp til Adar; der svinga ho burt til Karka,
4 tok so burtetter til Asmon, kom fram ved Egyptar-lands-bekken og enda utmed havet. Dette [sa Herren] skal vera landskilet dykkar i sud.
5 I aust fylgde landskilet Saltsjøstrandi, alt til Jordan-osen. På nordsida gjekk fylkesdeilet frå vassbotnen, frå Jordan-osen,
6 upp til Bet-Hogla og heldt so frametter nordanfor Bet-Ha'araba, upp til den steinen som heiter etter Bohan Rubensson.
7 So tok skiftelina frå Akordalen upp til Debir; der svinga ho nordetter til Gilgal, som ligg beint imot Adummimkleivi, sunnanfor bekken, og gjekk so yver til En-Semeskjelda og fram til En-Rogel.
8 Sidan tok ho upp til Hinnomssons-dalen, til sudsida av Jebusitaråsen, der Jerusalem ligg, og steig upp til toppen av det fjellet som er beint i vest for Hinnomsdalen, ved nordenden av Refa'im-dalen.
9 Frå den fjelltoppen stemnde skiftelina burtåt Neftoahvass-kjelda, heldt fram til byane på Efron-heidi, og tok so burtetter til Ba'ala, den byen som no heiter Kirjat-Jearim.
10 Frå Ba'ala svinga ho vestetter til Se'ir-fjellet, tok yver til nordhallet av Jearim-fjellet, der Kesalon ligg, og gjekk so ned til Bet-Semes og fram til Timna.
11 Sidan heldt skiftelina nordetter til Ekronåsen; der svinga ho burt til Sikron, tok so yver til Ba'ala-fjellet, kom fram ved Jabne'el og enda utmed havet.
12 I vest var det Storhavet som var grensa. Dette var landskili åt Juda-borni og ættgreinene deira, på alle sidor.
13 Kaleb Jefunneson fekk sin lut millom Juda-borni, etter det som Herren hadde sagt med Josva. Det var den byen som heitte etter Arba, far åt Anak, og som me no kallar Hebron.
14 Kaleb dreiv ut dei tri anakitane som budde der, Sesai og Akiman og Talmai, etterkomarane hans Anak.
15 Sidan for Kaleb mot Debir-buane; Debir heitte fyrr Kirjat-Sefer.
16 Då lova han ut at den som kunde taka Kirjat-Sefer, skulde få Aksa, dotter hans.
17 Otniel, son åt Kenas, bror åt Kaleb, tok byen og fekk Aksa.
18 Då so ho skulde flytja heim til han, eggja ho han til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. Då spurde Kaleb: Kva er det du vil?
19 Ho svara: Gjev med ei velfargåva! Du hev gift meg burt til dette turre sudlandet; gjev meg no vasskjeldor! So gav han henne Øvrekjeldone og Nedrekjeldone.
20 No skal me nemna dei eigedomane som Juda-ætti og greinene hennar fekk:
21 Byane i sudlandet, ytst i Juda-fylket, burtimot Edom-skiftet, det var Kabse'el og Eder og Jagur
22 og Kina og Dimona og Adada
23 og Kedes og Hasor og Jitnan,
24 Sif og Telem og Bealot
25 og Hasor-Hadatta og Kerijot, Hesron, som no heiter Hasor,
26 Amam og Sema og Molada
27 og Hasur-Gadda og Hesmon og Bet-Pelet
28 og Hasar-Sual og Be'erseba og Bisjotja,
29 Ba'ala og Ijim og Esem
30 og Eltolad og Kesil og Horma
31 og Siklag og Madmanna og Sansanna
32 og Lebaot og Silhim og Ajin og Rimmon, i alt ni og tjuge byar med grendene som låg ikring.
33 I låglandet: Estaol og Sora og Asna
34 og Sanoah og En-Gannim, Tappuah og Haenam,
35 Jarmut og Adullam, Soko og Aseka
36 og Sa'ara'im og Adita'im og Haggedera med Gederota'im, fjortan byar med grendene ikring;
37 Senan og Hadasa og Migdal-Gad
38 og Dilan og Mispe og Jokte'el,
39 Lakis og Boskat og Eglon
40 og Kabbon og Lahmas og Kitlis
41 og Gederot, Bet-Dagon og Na'ama og Makkeda, sekstan byar med grendene ikring;
42 Libna og Eter og Asan
43 og Jiftah og Asna og Nesib
44 og Ke'ila og Aksib og Maresa, ni byar med grendene ikring;
45 Ekron med byar og grender;
46 frå Ekron og vestetter alt som låg på Asdod-sida, med grendene som høyrde til;
47 Asdod med byar og grender, Gasa med byar og grender, radt burt til Egyptar-lands-bekken og ut til Storhavet; det var grensa der.
48 I fjellbygdene: Samir og Jattir og Soko
49 og Danna og Kirjat-Sanna, som no heiter Debir,
50 og Anab og Estemo og Anim
51 og Gosen og Holon og Gilo, elleve byar med grendene ikring;
52 Arab og Duma og Esan
53 og Janim og Bet-Tappuah og Afeka
54 og Humta og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, og Sior, ni byar med grendene ikring;
55 Maon, Karmel og Sif og Juta
56 og Jisre'el og Jokdeam og Sanoah,
57 Hakka'in, Gibea og Timna, ti byar med grendene ikring;
58 Halhul, Bet-Sur og Gedor
59 og Ma'arat og Bet-Anot og Eltekon, seks byar med grendene ikring;
60 Kirjat-Ba'al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Harabba, tvo byar med grendene ikring.
61 I øydemarki: Bet-Ha'araba, Middin og Sekaka
62 og Hannibsan og Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med grendene ikring.
63 Men Juda-borni vann ikkje driva ut jebusitane, som budde i Jerusalem; dei vart buande i hop med Juda-borni i Jerusalem, og der bur dei den dag i dag.