Josvas bok 13
1 No var Josva gamal vorten og ut i åri komen, og Herren sa til han: No er du gamal og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.
2 Det som er att, er alle filistarbygdene og heile Gesuritar-landet;
3 for alt som ligg millom Sihor austanfor Egyptar-land og Ekron-skiftet i nord, skal reknast til Kana'an, både dei fem filistarfyrstane i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitane.
4 So er det i sud heile Kana'anitar-landet, og Meara, som høyrer sidonarane til, til Afek, til skiftet med amoritane,
5 og Giblitar-landet og heile austsida av Libanon, frå Ba'al-Gad nedunder Hermon-fjellet til Hamat-vegen,
6 alle dei som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Ma'im, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva dei ut for Israels-borni. Men lat no Israels-borni kasta lut um dei bygdene dei skal få til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg fyre!
7 Skift ut dette landet til dei ni ættene og den eine helvti av Manasse-ætti.
8 Saman med Manasse-ætti* hadde rubenitane og gaditane fenge odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav dei det:
9 alt som ligg nordanfor Aroer innmed Arnon-åi, og den byen som ligg midt i dalen, og heile Medbasletta radt til Dibon,
10 og alle byane åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-borni,
11 og Gilead og Gesuritar-landet og Ma'akatitar-landet og heile Hermon-fjellet og heile Basan alt til Salka -
12 heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre'i; han var den siste som var att av refa'itane, og Moses vann yver dei og dreiv dei ut.
13 Men Israels-borni dreiv ikkje ut gesuritane og ma'akatitane; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.
14 Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; eldofferi åt Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova dei.
15 Fyrst let Moses Rubens-borni få sin lut etter ættgreinene deira.
16 Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen som ligg midt i dalen, og heile sletta kring Medba,
17 Hesbon og alle byane som tilhøyrde og låg på sletta: Dibon og Bamot-Ba'al og Bet-Ba'al-Meon
18 og Jahsa og Kedemot og Mefa'at
19 og Kirjata'im og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen
20 og Bet-Peor og Pisgalidene og Bet-Hajesimot
21 og alle byane på sletta og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon - det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midians-hovdingane, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlane åt Sihon og hadde bustad der i landet;
22 og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, dei som Israels-borni drap med sverdet.
23 Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordan-åi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
24 So let Moses Gads-ætti - Gads-borni - få sin lut etter ættgreinene deira.
25 Det dei fekk, var Jaser og alle byane i Gilead og helvti av Ammonitar-landet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,
26 so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahana'im til Debirbygdi;
27 og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.
28 Dette var det landet Gads-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
29 Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og - den eine helvti av Manasse-borni - fekk sin lut etter ættgreinene sine.
30 Dei fekk landet burtanfor Mahana'im: heile Basan - heile riket åt Og, kongen i Basan - og alle tjeldbyane åt Ja'ir i Basan, seksti byar,
31 og helvti av Gilead, og Astarot og Edre'i, kongebyane åt Og i Basan. Alt dette fekk borni åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinene deira.
32 Dette var den odelsjordi Moses luta ut på Moab-moane austanfor Jordan-åi, midt for Jeriko.
33 Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova dei.