«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Josvas bok 12

1  Dei kongane austanfor Jordan som Israels-borni vann yver og tok landet frå millom Arnon-åi og Hermon-fjellet, med alle moane i aust,

2  det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnon-åi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbok-åi, som er landskilet mot Ammons-borni,

3  og yver moane på austsida, upp til Kinneretsjøen og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-Hajesimot og sud under Pisgalidene;

4  so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre'i

5  og rådde yver fjellbygdene kring Hermon og yver Salka og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritane og ma'akatitane, og yver helvti av Gilead til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.

6  Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, hadde late rubenitane og gaditane og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.

7  Og dei kongane som Josva og Israels-borni vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba'al-Gad i Libanonsdalen til det nakne fjellet som ris upp imot Se'ir - det landet som Josva gav Israels-ættene til eigedom etter greinene deira -

8  i fjellbygdene og på låglandet og på moane og i lidene og i øydemarki og i sudlandet, landet åt hetitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane,

9  det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai, som ligg tett med Betel, ein,

10  kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11  kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein,

12  kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13  kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14  kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15  kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16  kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17  kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18  kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein,

19  kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20  kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,

21  kongen i Ta'anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22  kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,

23  kongen i Dor på Dor-høgdene, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,

24  kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23