«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jonas 4

1  Men det tykte Jonas svært ille um, og han vart brennande harm.

2  Han bad då til Herren og sa: Å Herre, var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt land? Difor flydde eg til Tarsis den gongen; for eg visste du er ein nådig og miskunnsam Gud, langmodig og rik på miskunn, og angrar det vonde.

3  So tak no, Herre, livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.

4  Då sa Herren: Hev du grunn til å harmast?

5  Jonas hadde gjenge ut or byen; han hadde sett seg austanfor byen, og der hadde han gjort seg ei lauvhytta og sat der i skuggen og vilde sjå korleis det gjekk med byen.

6  Då let Herren Gud ein kikajon veksa upp yver Jonas til å skyggja yver hovudet hans, so han kunde verta fri mismodet sitt; og Jonas fann stor gleda i kikajonen.

7  Men dagen etter, då morgonen rann, sende Gud ein makk, som stakk kikajonen so han visna.

8  Då soli rann, sende Gud ein brennande austanvind, og soli stakk Jonas på hovudet, so han ormektast. Då ynskte han at han måtte få døy, og sa: Eg vil heller døy enn leva.

9  Men Gud sa til Jonas: Hev du grunn til å harmast for kikajonen skuld? Han svara: Ja, eg hev grunn til å harmast til dauden.

10  Då sa Herren: Du ynkast yver kikajonen, som du ikkje hev havt møda med og ikkje hev ale upp, som kom til på ei natt og gjekk til grunns på ei natt;

11  og so skulde ikkje eg ynkast yver Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusund menneske som ikkje kann skilja millom høgre og vinstre, og ei mengd med dyr!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23