Profeten Jonas 3
1 Då kom Herrens ord til Jonas andre gongen, og det lydde so:
2 Statt upp og gakk til Ninive, den store byen, og ropa ut i han dei ordi eg vil tala til deg!
3 Og Jonas stod upp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tri dagsleider lang.
4 Og Jonas gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: Um fyrti dagar skal Ninive verta lagd i grus.
5 Då trudde folket i Ninive på Gud, og dei lyste ut fasta og klædde seg i sekk, både store og små.
6 Då saki kom for kongen i Ninive, reiste han seg frå sin kongsstol, la kappa av seg og sveipte seg i sekk og sette seg i oska.
7 So let han ropa ut i Ninive: Etter påbod frå kongen og hans stormenner må korkje folk eller dyr, storfe eller småfe, smaka noko, beita eller drikka vatn.
8 Men dei skal sveipa seg i sekk, både folk og dyr, og ropa til Gud av all kraft og venda um, kvar frå sin vonde veg og frå den urett som heng ved hendene deira.
9 Kven veit? Gud kunde då venda um og angra det, venda um frå den brennande vreide sin, so me ikkje gjeng under.
10 Då no Gud såg det dei gjorde, at dei vende um frå sin vonde veg, angra han det vonde han hadde sagt han vilde gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.