Profeten Jonas 2
1 Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jonas; og Jonas var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.
2 Og Jonas bad til Herren sin Gud frå buken åt fisken
3 og sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg; frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.
4 Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg; alle dine brot og bylgjor gjekk yver meg.
5 Eg tenkte då: Eg er støytt burt frå dine augo. Men eg skal atter skoda upp til ditt heilage tempel.
6 Vatni kringa seg um meg heilt alt til sjeli, djupet kringsette meg, tang sveipte seg um hovudet mitt;
7 radt til bergbotnane sokk eg ned, jordheims bommar stengdest etter meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre min Gud!
8 Då mi sjel ormektast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.
9 Dei som held seg til tome avgudar, dei gjeng frå si miskunn*.
10 Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg; det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa.
11 So baud Herren fisken, og han spydde Jonas upp på land.