«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jonas 1

1  Herrens ord kom åt Jonas Amittaison, og det lydde so:

2  Statt upp og gakk til Ninive, den store byen, og preika for han! For vondskapen deira hev stige upp og er komen for mi åsyn.

3  Men Jonas stod upp og vilde fly til Tarsis, burt frå Herrens åsyn. Han for ned til Joppe og fann der eit skip som skulde ganga til Tarsis. So betala han ferdapengar og gjekk um bord og vilde fara med til Tarsis, burt frå Herrens åsyn.

4  Men Herren sende ein sterk vind ut yver havet, og det vart slik sterk storm på havet at skipet var ved og skulde brotna sund.

5  Då vart skipsfolki redde og ropa kvar til sin gud; og til å letta skipet kasta dei på sjøen alt tarvende som fanst um bord. Men Jonas hadde gjenge ned i det nedste skipsromet; der låg han og sov fast.

6  Då gjekk skiperen til han og sa: Korleis kann du sova so fast? Statt upp og ropa til guden din! Kann henda vil den guden tenkja på råd for oss, so me ikkje gjeng under.

7  Og dei sa seg imillom: Kom, lat oss kasta lut, so me fær vita kven som er skuld i at denne ulukka hev kome yver oss! So kasta dei lut, og luten fall på Jonas.

8  Då sa dei til han: Seg oss kven som er skuld i at denne ulukka hev kome yver oss! Kva er ærendi di, og kvar kjem du frå? Kva land er du frå, og kva folk høyrer du til?

9  Han svara: Eg er hebrear, og eg ottast Herren, Gud i himmelen, han som hev skapt havet og det turre land.

10  Då vart mennene ovleg redde og sa til han: Kvifor hev du gjort dette? For dei visste at han flydde frå Herrens åsyn; det hadde han fortalt dei.

11  Og dei sa til han: Kva skal me gjera med deg, so havet kann leggja seg for oss? For det vart meir og meir upprørt.

12  Han svara: Tak meg og kasta meg i havet! so skal det stilna for dykk; for eg veit det er for mi skuld denne store stormen er komen yver dykk.

13  Mennene freista no å ro attende til lands, men dei makta det ikkje; for sjøen bar meir og meir imot.

14  Då ropa dei til Herren og sa: Å Herre, lat oss ikkje ganga under for di denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma yver oss! For du, Herre, hev gjort som du vilde.

15  So tok dei Jonas og kasta i sjøen; då heldt havet upp å rasa.

16  Og mennene fekk stor age for Herren, og dei ofra takkoffer til han og gjorde lovnader.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23