Johannes' evangelium 7
1 Sidan for Jesus kringum i Galilea; han vilde ikkje ferdast kring i Judea; for jødane la seg ut um å få drepe han.
2 So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi.
3 Då sa brørne hans til han: Flytt herifrå og far til Judea, so læresveinane dine og kann få sjå dei verki du gjer!
4 For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi!
5 For brørne hans trudde ikkje på han, dei heller.
6 Jesus svara: Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid.
7 Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho for di eg vitnar um henne at gjerningane hennar er vonde.
8 Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.
9 Dette sa han til dei, og vart verande i Galilea.
10 Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd.
11 Jødane leita no etter han på høgtidi og sa: Kvar er han, denne mannen?
12 Og det vart mykje mulling um han millom folket; sume sa: Det er ein god mann! andre sa: Nei, han forvillar folket.
13 Men ingen tala fritt ut um han; for dei var redde jødane.
14 Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde.
15 Jødane undra seg og sa: Kvar hev han sin lærdom frå, han som ikkje hev gjenge nokon skule?
16 Då tok Jesus til ords og sa til dei: Mi læra er ikkje mi; men hans som sende meg.
17 Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv.
18 Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt han, er sannordig, og det finst ikkje urett i han.
19 Hev ikkje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi! Kvi tenkjer de på å drepa meg?
20 Du er forgjord! svara folket, kven tenkjer på å drepa deg?
21 Jesus svara dei so: Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver.
22 Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneske på sabbaten.
23 Når no eit menneske kann umskjerast på sabbaten, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneske godt att på ein sabbat?
24 Døm ikkje etter utsjånaden, men lat domen dykkar vera rettferdig!
25 Det var nokre av Jerusalems-buane som sa: Er ikkje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa?
26 og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til han! Skulde dei styrande verkeleg ha vorte yvertydde um at han er Messias?
27 Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.
28 Difor ropa Jesus medan han lærde i templet: Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i sanning ein som hev sendt meg, han som de ikkje kjenner;
29 eg kjenner han; for eg kjem ifrå han, og det var han som sende meg.
30 Då vilde dei gripa han; men ingen la hand på han; for endå var ikkje tidi hans komi.
31 Men mange av folket trudde på han og sa: Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?
32 Farisearane høyrde at folket mulla soleis um han, og øvsteprestane og farisearane sende tenarar som skulde gripa han.
33 So sa Jesus: Endå eit lite bel er eg hjå dykk, so gjeng eg til han som hev sendt meg;
34 de skal leita etter meg, og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma.
35 Då sa jødane seg imillom: Kvar vil han fara, sidan me ikkje skal finna han? Tru han vil fara til dei som bur rundt ikring millom grekarane, og læra grekarane?
36 Kva meinte han med dei ordi han sa: De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma?
37 Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: Er det nokon som er tyrst, so lat han koma til meg og drikka!
38 Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med levande vatn.
39 Det sa han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på han; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
40 Sume bland folket sa då dei høyrde dei ordi: Dette er visst og sant profeten.
41 Andre sa: Det er Messias. Men sume sa: Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?
42 Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt og kjem frå Betlehem, den byen som David åtte heime i?
43 Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld,
44 og sume av dei var huga til å gripa han, men ingen la hand på han.
45 Då tenarane kom attende, sa øvsteprestane og farisearane til dei: Kvi tok de han ikkje med dykk?
46 Tenarane svara: Aldri hev noko menneske tala som han!
47 Då sa farisearane: Hev de og late dykk dåra?
48 Er det nokon av dei styrande som trur på han, eller av farisearane?
49 Men denne mugen som ikkje kjenner lovi, er forbanna.
50 Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira, segjer:
51 Dømer lovi vår nokon mann fyrr dei hev høyrt på han og fenge vita kva han hev gjort?
52 Er du og frå Galilea, kann henda? svara dei. Granska etter, so fær du få sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilea!
53 So gjekk kvar heim til seg.