«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' evangelium 6

1  Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilea- eller Tiberias-sjøen.

2  Og det fylgde han mykje folk, av di dei såg teikni han gjorde på dei sjuke.

3  Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinane sine.

4  Det leid då mot påskehelgi åt jødane.

5  Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til han, segjer han til Filip: Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få seg mat?

6  Det sa han av di han vilde røyna han; for han visste sjølv kva han vilde gjera.

7  Filip svara: Brød for tvo hundrad peningar rekk ikkje til so kvar av dei kann få eit lite stykke.

8  Ein av læresveinane hans - det var Andreas, bror åt Simon Peter - segjer til han:

9  Her er ein liten gut som hev fem byggbrød og tvo fiskar; men kva er det åt so mange?

10  Lat folket setja seg! sa Jesus. Det var mykje gras på den staden, so sette mennene seg; dei var um lag fem tusund i talet.

11  Då tok Jesus brødi og takka, og skifte dei ut til dei som sat der, og like eins av fiskane, so mykje dei vilde hava.

12  Då dei var mette, segjer han til læresveinane: Sanka i hop dei stykki som er att, so ingen ting vert spillt!

13  So gjorde dei det, og dei fyllte tolv korger med stykki som var att av dei fem byggbrødi etter dei som hadde ete.

14  Då no folket såg det teiknet han hadde gjort, sa dei: Dette er visst og sant profeten som skal koma til verdi!

15  Då skyna Jesus at dei vilde koma og taka han med makt og gjera han til konge; difor drog han seg undan og gjekk upp i fjellet att, han åleine.

16  Då det vart kveld, gjekk læresveinane ned til sjøen;

17  dei steig ut i ein båt og vilde fara yver sjøen, til Kapernaum. Det var alt myrkt vorte, og Jesus var endå ikkje komen til dei.

18  Bårone gjekk høgt; for det bles ein hard vind.

19  Då dei so hadde rott ei fem og tjuge eller tretti stadier, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart redde,

20  men han sa: Det er eg; ver ikkje redde!

21  Då vilde dei taka han upp i båten, og straks var båten ved det landet dei skulde til.

22  Dagen etter stod det endå ein folkehop på hi sida av sjøen; dei hadde set at det ikkje var meir enn ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten med læresveinane sine, men læresveinane tok av stad åleine.

23  Men det kom båtar frå Tiberias, tett innmed den staden dei hadde halde måltid etterpå Herrens takkebøn.

24  Då no folket såg at Jesus ikkje var der, og ikkje læresveinane hans heller, steig dei sjølve i båtane og for til Kapernaum og leita etter Jesus,

25  og då dei fann han der, på hi sida av sjøen, sa dei til han: Når kom du hit, rabbi?

26  Jesus svara dei: Det segjer eg dykk for visst og sant: Det er ikkje for di de såg teikn at de leitar etter meg, men for di de åt av brødi og vart mette.

27  Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit æveleg liv! Den skal Menneskesonen gjeva dykk; for på han hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.

28  Då sa dei til han: Korleis skal me fara åt, so me kann gjera Guds gjerningar?

29  Jesus svara: Det er Guds gjerning at de skal tru på den som han sende.

30  Då sa dei til han: Kva teikn gjer då du, so me kann sjå det og tru deg? kva for verk gjer du?

31  Federne våre åt manna i øydemarki, som skrive stend: Han gav dei brød frå himmelen å eta.

32  Då sa Jesus til dei: Det segjer eg dykk for visst og sant: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det rette brødet frå himmelen;

33  for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.

34  Då sa dei til han: Herre, gjev oss alltid det brødet!

35  Jesus svara: Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

36  Men eg sa dykk at de hev set meg og endå ikkje trur.

37  Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt;

38  for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg,

39  og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa noko av alt det han hev gjeve meg, men vekkja det upp att på den siste dag.

40  For so vil Far min at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal hava æveleg liv, og at eg skal vekkja han upp att på den siste dag.

41  Då murra jødane og fann åt han for di han sa: Eg er brødet som kom ned frå himmelen.

42  Er ikkje dette Jesus Josefsson? sa dei; me kjenner då både far hans og mor hans; korleis hev det seg at han no segjer: Eg hev kome ned frå himmelen?

43  Då tok Jesus til ords og sa til dei: Haldt ikkje på å murra dykk imillom!

44  Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege han, og eg skal vekkja han upp att på den siste dag.

45  Det stend skrive hjå profetane: Og alle skal dei vera upplærde av Gud. Kvar som hev lydt på Faderen og lært, han kjem til meg.

46  Ikkje so at nokon hev set Faderen utan han som er frå Gud, han hev set Faderen.

47  Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev æveleg liv.

48  Eg er livsens brød.

49  Federne dykkar åt manna i øydemarki og døydde;

50  her er det brødet som kjem ned frå himmelen, so ein skal eta av det og ikkje døy.

51  Eg er det levande brødet, som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal leva til i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.

52  Då tretta jødane med kvarandre og sa: Korleis kann han gjeva oss kjøtet sitt å eta?

53  Då sa Jesus til dei: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskesonen og drikk blodet hans, hev de ikkje liv i dykk.

54  Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit æveleg liv, og eg skal vekkja han upp att på den siste dag.

55  For kjøtet mitt er retteleg mat, og blodet mitt er retteleg drykk.

56  Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, han vert verande i meg og eg i han.

57  Som den levande Faderen sende meg, og eg lever ved Faderen, so skal og den som et meg, leva ved meg.

58  Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er ikkje som det federne dykkar åt og so døydde; den som et dette brødet, skal leva i all æva.

59  Dette sa han i eit synagogemøte, medan han lærde i Kapernaum.

60  Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: Dette er stride ord, kven kann høyra på det?

61  Jesus visste med seg at læresveinane hans murra um dette, og han sa til dei: Støyter de dykk på dette?

62  Enn når de fær sjå Menneskesonen fara upp dit han var fyrr?

63  Det er Anden som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd og er liv;

64  men det er nokre av dykk som ikkje trur. For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven det var som skulde svika han.

65  Og han sa: Difor var det eg sa dykk at ingen kann koma til meg utan det er gjeve han av Faderen.

66  For dette var det mange av læresveinane hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med han lenger.

67  Då sa Jesus til dei tolv: Vil de og ganga dykkar veg?

68  Simon Peter svara: Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord,

69  og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.

70  Hev eg ikkje sjølv valt dykk ut, alle tolv? svara Jesus, og ein av dykk er ein djevel!

71  Han meinte Judas, son åt Simon Iskariot; for det var han som sidan skulde svika han - han, ein av dei tolv.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23