Johannes' evangelium 4
1 Då no Herren fekk vita at farisearane hadde høyrt at Jesus vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes
2 - endå det var ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans -
3 so tok han ut frå Judea og for til Galilea att.
4 Han laut fara gjenom Samaria,
5 og kom då til ein by i Samaria, som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin.
6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt av ferdi, og sette seg beint ned der innmed brunnen; det var ikring den sette timen.
7 Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: Lat meg få drikka!
8 For læresveinane hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat.
9 Korleis hev det seg, segjer den samaritanske kvinna, at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka? - for jødane hev ikkje nokoslag samlag med samaritanane.
10 Jesus svara: Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du han, og han gav deg levande vatn.
11 Herre, segjer kvinna, du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det levande vatnet frå?
12 Er du då større enn Jakob, ættefaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av han, og sønene og feet hans med.
13 Jesus svara: Kvar den som drikk av dette vatnet vert tyrst att,
14 men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva han, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev han, vert i han til ei kjelda med vatn som vell upp til æveleg liv.
15 Herre, sa kvinna, gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn!
16 Han segjer til henne: Gakk og henta mannen din, og kom so hit att!
17 Eg hev ingen mann, svara kvinna. Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann, sa Jesus;
18 for du hev havt fem menn, og den du hev no, er ikkje din mann. No sa du sant.
19 Herre, eg ser at du er ein profet! sa kvinna.
20 Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda han.
21 Jesus segjer til henne: Tru meg, kvinna! det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller.
22 De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødane.
23 Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava.
24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, lyt tilbeda i ånd og sanning.
25 Kvinna segjer til han: Eg veit at Messias kjem - Messias er det same som Kristus -; når han kjem, skal han læra oss alt.
26 Jesus segjer til henne: Det er eg - eg som talar med deg!
27 I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sa: Kva vil du henne? eller: Kvi talar du med henne?
28 So let kvinna vasskrukka si standa og gjekk av stad til byen og sa til folki:
29 Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias?
30 Då gjekk dei ut or byen. Medan dei var på vegen til han,
31 bad læresveinane han: Et, rabbi!
32 Han svara: Eg hev ein mat som ikkje de veit um.
33 Då sa læresveinane seg imillom: Tru nokon hev bore mat til han?
34 Jesus segjer til dei: Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk.
35 Segjer ikkje de: Det er endå fire månader fyrr hausten kjem? Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten!
36 Den som haustar, fær løn og samlar grøda til æveleg liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar.
37 For her høver det ordet: Det er ein som sår og ein annan som haustar.
38 Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira.
39 Det var mange av samaritanane frå den byen som trudde på han for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: Han hev sagt meg alt eg hev gjort!
40 Då no samaritanane kom til han, bad dei at han vilde vera hjå dei, og han vart verande der tvo dagar.
41 Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala,
42 og dei sa til kvinna: No trur me ikkje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt han, og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.
43 Då dei tvo dagane var lidne, tok han ut derifrå og for til Galilea;
44 for Jesus vitna sjølv at ein profet vert ikkje æra i sitt eige fedreland.
45 Då han no kom til Galilea, tok galilearane vel imot han; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei hadde vore på høgtidi dei og.
46 So kom han då atter til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son.
47 Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judea og var komen til Galilea, gjekk han til han og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste.
48 Jesus svara: Ser de ikkje teikn og under, so trur de ikkje.
49 Kongsmannen segjer til han: Herre, kom ned innan barnet mitt døyr!
50 Jesus segjer til han: Gakk heim att! Son din lever. Mannen trudde det Jesus sa til han, og gjekk.
51 Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot han og sa at guten hans levde.
52 So spurde han dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei svara: I går den sjuande timen slepte sotti han.
53 Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til han: Son din lever; og han trudde, både han og heile hans hus.
54 Dette var det andre teiknet Jesus gjorde då han no atter kom frå Judea til Galilea.