«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' evangelium 3

1  Det var ein mann av farisearflokken som heitte Nikodemus, ein av rådsherrane åt jødane.

2  Han kom ein gong til Jesus um natti og sa: Rabbi, me veit at du er ein lærar som er komen frå Gud; for ingen kann gjera desse teikni som du gjer, utan Gud er med han.

3  Jesus svara: Det segjer eg deg for sant og visst: Ingen kann sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt.

4  Nikodemus segjer til han: Korleis kann ein som er gamal, verta fødd? han kann då vel ikkje koma inn i livet åt mor si andre gongen, og fødast til verdi!

5  Jesus svara: Det segjer eg deg for sant og visst: Utan ein vert fødd av vatn og Ande, kann han ikkje koma inn i Guds rike.

6  Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.

7  Undrast ikkje på at eg sa til deg: De lyt fødast på nytt!

8  Vinden blæs kvar han vil, du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå, eller kvar han fer av. So er det med kvar som er fødd av Anden.

9  Korleis kann det ganga til? spurde Nikodemus.

10  Du er Israels lærar, og veit ikkje det! svara Jesus.

11  Det segjer eg deg for visst og sant: Me talar um det me veit, og vitnar um det me hev set; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt.

12  Når eg hev tala til dykk um det som høyrer jordi til, og de ikkje trur, korleis skal de då tru når eg talar til dykk um det som høyrer himmelen til?

13  Og ingen hev stige upp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskesonen, som er i himmelen.

14  Og liksom Moses lyfte upp ormen i øydemarki, soleis lyt Menneskesonen lyftast upp,

15  so kvar den som trur på han, skal hava æveleg liv.

16  For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på han, ikkje skal verta fortapt, men hava æveleg liv.

17  For Gud sende ikkje Son sin til verdi so han skulde døma verdi, men so verdi skulde verta frelst ved han.

18  Den som trur på han, vert ikkje dømd; den som ikkje trur, er alt dømd, for di han ikkje hev trutt på namnet åt Guds einborne Son.

19  Og dette er domen: Ljoset hev kome til verdi, og menneski lika myrkret betre enn ljoset; for gjerningane deira var vonde.

20  For kvar den som driv på med det som låkt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset; for han vil ikkje at gjerningane hans skal koma upp i dagen, slike dei er.

21  Men den som gjer etter sanningi, kjem til ljoset, so gjerningane hans kann verta synberre; for dei er gjorde i Gud.

22  Sidan kom Jesus og læresveinane hans til Juda-bygdene, og der var han ei tid med dei og døypte.

23  Johannes døypte og då; det var i Ænon, tett med Salim, han døypte; for det var mykje vatn der; og folk kom dit og let seg døypa.

24  Den tid var Johannes endå ikkje sett i fengsel.

25  So vart det eit ordskifte millom læresveinane åt Johannes og ein jøde um reinsingi.

26  Og dei kom til Johannes og sa: Rabbi, han som var i hop med deg på hi sida åt Jordan, han som du hev vitna for, han døyper, og alle kjem til han!

27  Johannes svara: Eit menneske kann ikkje få noko utan at det er gjeve han frå himmelen.

28  De er sjølve vitni mine at eg sa: Eg er ikkje Messias, men: Eg er send fyre han.

29  Det er brudgomen som hev bruri; men belesveinen, som stend innmed og lyder på brudgomen, gleder seg hjarteleg når han høyrer målet hans. Slik gleda hev eg no fenge, og det i fullt mål.

30  Han lyt veksa, eg lyt minka.

31  Den som kjem ovantil, er yver alle; den som er frå jordi, er av jordi, og det han talar, er av jordi. Den som kjem frå himmelen, er yver alle;

32  det han hev set og høyrt, det vitnar han um, men ingen tek imot vitnemålet hans.

33  Den som hev teke imot hans vitnemål, hev stadfest at Gud er sannordig.

34  For den som Gud sende, talar Guds ord; for Gud gjev han Anden umælt.

35  Faderen elskar Sonen, og hev gjeve alt i hans hender.

36  Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje vil tru på Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23