«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' evangelium 20

1  Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi og ser at steinen er teken burt frå gravi.

2  Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til dei: Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt han.

3  Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til gravi.

4  Dei sprang båe saman, so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi.

5  Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindane låg der; men han gjekk ikkje inn.

6  So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindane som låg der;

7  men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindane, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop.

8  Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde.

9  For dei skyna endå ikkje Skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude.

10  So gjekk læresveinane heim att.

11  Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,

12  fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føtene, der lekamen åt Jesu hadde lege.

13  Dei segjer til henne: Kvi græt du, kvinna. Ho svarar: For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt han.

14  Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der; men ho visste ikkje at det var han.

15  Jesus segjer til henne: Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter? Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til han: Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt han; då vil eg henta han.

16  Maria! segjer Jesus. Då snur ho seg og segjer til han på hebraisk: Rabbuni! det er på vårt mål: Meister!

17  Kom ikkje nær meg! segjer Jesus; for endå hev eg ikkje fare upp til Faderen. Men gakk til brørne mine og seg dei frå meg: No fer eg upp til han som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!

18  Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinane: Eg hev set Herren, og at han hadde sagt dette til henne.

19  Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørene var stengde der læresveinane var, av di dei var redde jødane, kom Jesus og stod midt ibland dei og segjer: Fred vere med dykk!

20  Og då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.

21  Og han sa endå ein gong: Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.

22  Med desse ordi anda han på dei og segjer: Tak imot den Heilage Ande!

23  Tilgjev de nokon syndene deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.

24  Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus*, var ikkje saman med dei då Jesus kom.

25  So sa dei andre læresveinane til han: Me hev set Herren! Han svara: Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i hendene hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.

26  Åtte dagar etter var læresveinane hans inne att, og Tomas var med dei. Dørene var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland dei og sa: Fred vere med dykk!

27  So segjer han til Tomas: Kom hit med fingeren din, og sjå på hendene mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!

28  Min Herre og min Gud! svara Tomas.

29  Jesus segjer til han: Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!

30  Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinane sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.

31  Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur, skal hava liv i hans namn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23