Johannes' evangelium 19
1 Då tok Pilatus og let dei hudfletta Jesus.
2 Og hermennene fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um han, og gjekk fram for han og sa:
3 Heil deg, jødekonge! og slo til han i andletet.
4 Pilatus gjekk ut att og sa til dei: Her kjem eg ut til dykk med han, so de skal vita at eg ikkje finn nokor skuld hjå han.
5 So kom Jesus ut med klungerkransen på og purpurkåpa, og Pilatus segjer til dei: Sjå det mennesket!
6 Då øvsteprestane og sveinane deira fekk sjå han, skreik dei: Krossfest, krossfest! Pilatus segjer til dei: Tak de og krossfest han! Eg finn ingi skuld hjå han.
7 Jødane svara: Me hev ei lov; etter den lyt han døy, for di han hev gjort seg sjølv til Guds Son.
8 Då Pilatus høyrde det ordet, vart han endå reddare;
9 han gjekk inn att i borgi og spurde Jesus: Kvar er du ifrå? Men Jesus gav han ikkje noko svar.
10 Pilatus segjer til han: Svarar du meg ikkje? Veit du ikkje at eg hev makt til å gjeva deg fri og hev makt til å krossfesta deg?
11 Jesus svara: Du hadde ingi makt yver meg, var det ikkje gjeve deg ovantil. Difor hev han større synd den som gav meg yver til deg.
12 Etter dette vilde Pilatus gjerne gjeva han fri. Men jødane ropa: Gjev du han fri, er du ikkje ven med keisaren. Kvar den som gjer seg sjølv til konge, set seg upp imot keisaren.
13 Då Pilatus høyrde dei ordi, førde han Jesus ut og sette seg i domarsetet, på den staden dei kallar Tavletilet - på hebraisk heiter det Gabbata -.
14 Det var då fyrebuingsdagen i påskehelgi, og um lag den sette timen. So segjer han til jødane: Sjå her er kongen dykkar!
15 Då ropa dei: Burt, burt med han, burt med han! Krossfest han! - Skal eg krossfesta kongen dykkar? segjer Pilatus. Me hev ingen konge utan keisaren, svara øvsteprestane.
16 Då gav han Jesus yver til dei, so han skulde krossfestast.
17 So tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til Skallestaden dei kallar - på hebraisk heiter det Golgata -.
18 Der feste dei han til krossen, og saman med han tvo andre, ein på kvar sida, og Jesus midt imillom.
19 Pilatus skreiv og ei innskrift og sette på krossen; ho lydde so: Jesus frå Nasaret, kongen yver jødane.
20 Den innskrifti las då mange av jødane; for staden der Jesus vart krossfest, var tett utmed byen, og det var skrive på hebraisk og latin og gresk.
21 Då sa øvsteprestane åt jødane til Pilatus: Skriv ikkje: Kongen yver jødane, men Han sa: Eg er konge yver jødane!
22 Det eg hev skrive, hev eg skrive, svara Pilatus.
23 Då hermennene hadde fest Jesus til krossen, tok dei klædi hans og skifte i fire luter, ein for kvar hermann. Kjortelen tok dei og. Kjolen var usauma og heilvoven alt ovantil;
24 difor sa dei seg imillom: Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lut um kven som skal hava han! Soleis skulde Skrifti sannast: Dei skifte klædi mine millom seg, og kasta lut um kjolen min. So gjorde no hermennene.
25 Men innmed krossen åt Jesus stod mor hans og morsyster hans, Maria, kona hans Klopas, og Maria Magdalena.
26 Og då Jesus såg mor si, og såg at den læresveinen som han elska, stod innmed henne, segjer han til mori: Kvinna, der er son din!
27 So segjer han til læresveinen: Der er mor di. Og frå den stundi tok læresveinen henne heim til seg.
28 Då visste Jesus at no var alt fullført, so Skrifti skulde sannast, so segjer han: Eg er tyrst.
29 Det stod eit kjer der som var fullt av vineddik; av den eddiken fyllte dei ein svamp og sette han på ein isop-stylk og heldt han upp til munnen hans.
30 Då Jesus hadde fenge vineddiken, sa han: Det er fullført! og han bøygde hovudet og gav andi si yver til Gud.
31 Etter di no det var fyrebuingsdagen, og liki ikkje måtte verta hangande på krossen um sabbaten - for den sabbatsdagen var storheilag - so bad jødane Pilatus at beini måtte brjotast sund på dei, og at dei måtte takast ned.
32 Då kom hermennene og braut sund beini både på den fyrste og den andre som hadde vorte krossfeste i hop med han.
33 Då dei kom til Jesus og såg at han alt var slokna, braut dei ikkje hans bein sund;
34 men ein av hermennene stakk han i sida med eit spjot, og straks kom det ut blod og vatn.
35 Dette vitnar ein som hev set det, og vitnemålet hans er sætande, han veit sjølv at han segjer sant, so de og må tru.
36 For dette hende av di Skrifti laut sannast: Det skal ikkje brjotast sund eit bein på han.
37 Og eit anna skriftord att lyder so: Dei skal sjå burt på han som dei hev gjenomstunge.
38 Sidan kom Josef frå Arimatea, som var ein av læresveinane åt Jesus, men dulde for det, av di han var redd jødane; han bad Pilatus um han måtte få taka lekamen åt Jesus, og Pilatus gav han lov til det. So kom han og henta lekamen hans.
39 Nikodemus, han som fyrste gongen var komen til han um natti, kom og, og hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, um lag hundrad pund.
40 So tok dei lekamen åt Jesus og sveipte han i lin med dei angande kryddone imillom, soleis som jødane hev for vis når dei bur ein til likferd.
41 På den staden han vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som det endå aldri hadde vorte sett ned noko i.
42 Der la dei då Jesus, av di det var fyrebuingsdagen åt jødane, og gravi var nær innmed.