Johannes' evangelium 18
1 Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinane sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinane inn i.
2 Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinane sine.
3 Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinane åt øvsteprestane og farisearane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpen.
4 Som no Jesus visste alt som skulde koma yver han, gjekk han fram og sa til dei: Kven leitar de etter?
5 Jesus frå Nasaret, svara dei. Det er eg, segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med dei.
6 Då han no sa til dei: Det er eg, for dei attende og fall til jordi.
7 So spurde han dei endå ein gong: Kven leitar de etter? - Jesus frå Nasaret, sa dei.
8 Eg hev alt sagt dykk at det er eg, svara Jesus; er det meg de leitar etter, so lat desse få ganga!
9 Soleis skulde det sannast det ordet han hadde sagt: Eg hev ikkje mist nokon av dei du gav meg.
10 Simon Peter hadde eit sverd; det drog han og hogg til tenaren åt øvstepresten og sneidde av han det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
11 Då sa Jesus til Peter: Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg?
12 Vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinane åt jødane tok no Jesus og batt han.
13 Fyrst førde dei han til Annas; for han var verfar åt Kaifas, som var øvsteprest det året.
14 Det var Kaifas som hadde gjeve jødane den rådi at det var best EIN mann døydde for folket.
15 Med Jesus fylgde Simon Peter og ein annan læresvein. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;
16 men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.
17 So segjer portnargjenta til Peter: Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinane åt denne mannen? Nei, svara han.
18 Huskarane og sveinane hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå dei og vermde seg.
19 Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinane hans og um læra hans.
20 Jesus svara: Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødane kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd.
21 Kvi spør du meg? Spør dei som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til dei! Dei veit kva eg hev sagt.
22 Då han sa det, gav ein av sveinane som stod innmed, Jesus eit slag i andletet og sa: Svarar du øvstepresten so?
23 Hev eg sagt noko urett, svara Jesus, so prova at det er urett; men var det rett det eg sa, kvi slær du meg då?
24 So sende Annas han bunden av stad til Kaifas, øvstepresten.
25 Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinane hans du og? Han neitta det og sa: Nei, det er eg ikkje.
26 So segjer ein av huskarane åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: Såg eg deg ikkje sjølv i lag med han i hagen?
27 Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen.
28 Frå Kaifas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.
29 So gjekk Pilatus ut til dei og sa: Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen?
30 Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve han yver til deg, svara dei.
31 Då sa Pilatus til dei: Tak de han og døm han etter lovi dykkar! - Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon, svara jødane.
32 Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.
33 So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sa til han: Er du kongen yver jødane?
34 Jesus svara: Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg?
35 Er då eg ein jøde? svara Pilatus; folket ditt og øvsteprestane hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort?
36 Jesus svara: Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so hadde sveinane mine stridt for meg, so eg ikkje skulde koma i hendene på jødane. Men no er ikkje riket mitt av denne verdi.
37 Men so er du då ein konge? sa Pilatus. Jesus svara, Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst.
38 Kva er sanning? svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødane og sa til dei: Eg finn ingi skuld hjå han;
39 men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødane fri?
40 Men dei ropa alle på nytt: Ikkje han, men Barabbas! Barabbas, det var ein røvar.