«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' evangelium 17

1  Soleis tala Jesus; so lyfte han augo mot himmelen og sa: Fader, timen er komen! Herleggjer Son din, so Son din kann herleggjera deg!

2  etter di du hev gjeve han makt yver alt kjøt, so han skal lata alle dei du hev gjeve han, få æveleg liv;

3  Og det er det ævelege livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og den du sende, Jesus Kristus.

4  Eg hev herleggjort deg på jordi, og fullført det verket du gav meg å gjera;

5  herleggjer no du meg, Fader, hjå deg med den herlegdomen eg hadde hjå deg fyrr verdi var til!

6  Eg hev openberra ditt namn for dei menneski du gav meg av verdi. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei hev halde seg etter ordet ditt.

7  No veit dei at alt det du hev gjeve meg, er frå deg;

8  for dei ordi du gav meg, hev eg gjeve dei, og dei hev teke imot dei og sanna fullt ut at eg er komen frå deg, og dei trur at du hev sendt meg.

9  Eg bed for dei; eg bed ikkje for verdi, men for dei som du hev gjeve meg; for dei er dine,

10  og alt som mitt er, er ditt, og det som ditt er, er mitt, og eg er herleggjord i dei.

11  Og eg er ikkje lenger i verdi, men dei er i verdi, og eg kjem til deg. Heilage Fader, haldt dei fast i ditt namn, som du hev gjeve meg, so dei kann vera eitt, liksom me!

12  Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du hev gjeve meg, og vara dei, og ingen av vart fortapt, so nær som den eine som laut fortapast, so Skrifti skulde sannast.

13  Men no kjem eg til deg, og dette talar eg medan eg er i verdi, so dei skal hava mi gleda i seg i fullt mål.

14  Eg hev gjeve dei ditt ord, og verdi hev lagt dei for hat for di dei ikkje er av verdi, som eg ikkje er av verdi.

15  Eg bed ikkje at du skal taka dei burt or verdi, men at du skal vara dei for det vonde.

16  Av verdi er dei ikkje, som eg ikkje er av verdi.

17  Helga dei i sanningi! Ditt ord er sanning.

18  Som du hev sendt meg til verdi, so hev eg og sendt dei til verdi;

19  og eg helgar meg for dei, so dei og skal vera helga i sanningi.

20  Og eg bed ikkje einast for desse, men og for dei som kjem til å tru på meg for deira ord skuld,

21  at dei alle må vera eitt, som du, Fader, er i meg, og eg er i deg - at dei og må vera i oss - so verdi kann tru at du hev sendt meg.

22  Eg hev gjeve dei den herlegdomen som du hev gjeve meg, so dei skal vera eitt, liksom me er eitt,

23  eg i dei og du i meg, so dei skal vera fullkomeleg eitt - so verdi kann skyna at du hev sendt meg og elska dei, som du hev elska meg.

24  Fader, eg vil at dei du hev gjeve meg, dei skal og vera der eg er, vera hjå meg, so dei fær skoda min herlegdom, som du hev gjeve meg, av di du hev elska meg fyrr verdi vart grunnlagd.

25  Rettferdige Fader, verdi kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse hev kanna at du hev sendt meg;

26  eg hev gjort namnet ditt kunnigt for dei og skal gjera det kunnigt, so den kjærleiken du hev havt til meg, kann vera i dei, og eg sjølv kann vera i dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23