Johannes' evangelium 13
1 Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han dei til enden.
2 Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika han,
3 og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,
4 so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen og tek eit handklæde og bind um seg;
5 so slær han vatn i vaskefatet og tok til å två føtene åt læresveinane og turka dei med linklædet som han hadde bunde kring livet.
6 Han kjem til Simon Peter, og han segjer til han: Herre, tvær du mine føter?
7 Jesus svara han so: Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.
8 Aldri i verdi skal du två mine føter, segjer Peter. Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg, svara Jesus.
9 Simon Peter segjer til han: Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!
10 Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føtene; elles er han heiltupp rein, segjer Jesus; og de er reine, men ikkje alle.
11 Han visste kven som skulde svika han; difor var det han sa: De er ikkje reine alle.
12 Då han no hadde tvege føtene deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sa han til dei: Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?
13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.
14 Hev no eg, herren og meisteren, tvege føtene dykkar, so hev de og den skyldnaden at de skal två føtene åt kvarandre.
15 Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.
16 Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt han.
17 Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.
18 Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: Den som et sitt brød med meg, hev lyft sin hæl imot meg.
19 Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er.
20 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.
21 Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi og sa sterkt og ålvorsamt: Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!
22 Læresveinane såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte.
23 Ein av læresveinane - den som Jesus elska - sat ved høgre sida hans.
24 Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til han: Seg kven han meiner!
25 Han bøygde seg då næmare innåt Jesus og segjer til han: Herre, kven er det?
26 Det er han som eg gjev den beten eg no duppar i fatet, svara Jesus. So duppar han beten, og tek og gjev han til Judas Simonsson Iskariot.
27 Og då han hadde fenge beten, då for Satan i han. So segjer Jesus til han: Gjer det snart, det du vil gjera!
28 Men ingen av dei som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sa til han.
29 Sidan det var Judas som hadde pungen, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: Kjøp det me treng til høgtidi! eller at han skulde gjeva noko til dei fatige.
30 Med det same Judas hadde teke mot beten, gjekk han ut. Det var natt.
31 Då han var gjengen, segjer Jesus: No er Menneskesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i han.
32 Er Gud herleggjord i han, so skal Gud og herleggjera han i seg sjølv, og han skal herleggjera han snart.
33 Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sa til jødane: Dit eg gjeng, kann ikkje de koma, so segjer eg no til dykk og.
34 Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.
35 På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.
36 Simon Peter segjer til han: Herre, kvar gjeng du av? Jesus svara: Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.
37 Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre? segjer Peter; eg vil gjeva mitt liv for deg!
38 Vil du gjeva ditt liv for meg? svara Jesus; det segjer eg deg for visst og sant: Hanen kjem ikkje til å gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.