«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' evangelium 12

1  Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude.

2  Der gjorde dei eit gjestebod for han; Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han.

3  Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardesalve og salva føtene åt Jesus, og turka føtene hans med håret sitt; og huset vart fullt av salve-angen.

4  So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinane hans, han som sidan sveik han:

5  Kvi vart ikkje denne salven seld for tri hundrad peningar og gjeven til fatigfolk?

6  Det sa han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde pungen, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der.

7  Då sa Jesus: Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min.

8  For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.

9  No fekk ei stor mengd av jødane vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus som han hadde vekt upp frå dei daude.

10  Då la øvsteprestane upp råd um å drepa Lasarus og;

11  for mange av jødane gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus.

12  Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem.

13  Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!

14  Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend:

15  Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konge ridande på ein asenfole.

16  I fyrstninga skyna ikkje læresveinane dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um han, og at dei hadde gjort det so for han.

17  Folkehopen som var med han, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt han upp frå dei daude.

18  Difor var det og folket kom imot han; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet.

19  Då sa farisearane seg imillom: Der ser de, det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter han!

20  Det var nokre grekarar der, av dei som jamleg for upp og tilbad på høgtidi;

21  dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilea, og bad han: Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!

22  Filip gjeng og segjer det til Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det til Jesus.

23  Jesus svara dei so: Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast!

24  Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda.

25  Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit æveleg liv.

26  Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, han skal Faderen æra.

27  No er sjeli mi full av uro, og kva skal eg segja: Fader, frels meg frå denne stundi? Men nei, difor er det eg hev kome til denne stundi -

28  Fader, herleggjer namnet ditt! Då kom det ei røyst frå himmelen: Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.

29  Folket som stod der og høyrde det, sa at tora hadde slege. Andre sa: Det var ein engel som tala til han.

30  Då tok Jesus til ords og sa: Det var ikkje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld.

31  No gjeng det dom yver denne verdi, no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut.

32  Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.

33  Det sa han for å syna kva slag avferd han skulde få.

34  Folket svara: Me hev høyrt av lovi at Messias lever æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskesonen?

35  Då sa Jesus til dei: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av.

36  So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset. Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for dei.

37  Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han;

38  Det skulde sannast det ordet som profeten Esaias hev tala: Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?

39  Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Esaias sagt:

40  Han hev gjort augo deira blinde og gjort hjarta deira hardt, so dei ikkje skal sjå med augo og skyna med hjarto og venda um, so eg kunde få lækja dei.

41  So sa Esaias for di han såg hans herlegdom og tala um han.

42  Like vel var det då mange, jamvel av styresmennene, som trudde på han; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisearane skuld; dei var redde dei kunde verta utstøytte or synagoga;

43  for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud.

44  Men Jesus ropa ut: Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg,

45  og den som ser meg, ser han som hev sende meg.

46  Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret.

47  Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på dei, so dømer ikkje eg han; for eg er ikkje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi.

48  Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer han: ordet eg hev tala, det skal døma han på den siste dag.

49  For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala;

50  og eg veit at hans fyresegn er eit æveleg liv. So talar eg då det som eg talar, heiltupp so som Faderen hev sagt meg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23