Johannes' evangelium 11
1 Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.
2 Maria var den som salva Herren med myrrasalve og turka føtene hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk.
3 Systerne sende då bod til han med dei ordi: Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!
4 Då Jesus høyrde det, sa han: Den sotti er ikkje nokor helsott - ho er til Guds æra; Guds Son skal få æra av det.
5 Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.
6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var;
7 då fyrst sa han til læresveinane sine: Kom, lat oss fara til Judea att!
8 Rabbi, sa læresveinane, nyst vilde jødane steina deg, og so fer du dit att!
9 Er det ikkje tolv timar i dagen? svara Jesus; den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi;
10 Men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.
11 So tala han, og um eit bel segjer han til dei: Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer han.
12 Herre, hev han sovna, so vert han nok god att, sa læresveinane.
13 Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn.
14 Då sa Jesus reint ut: Lasarus hev slokna!
15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til han!
16 Tomas - han som me kallar Didymus* - sa då til dei andre læresveinane: Lat oss ganga med, so me kann døy med han!
17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi.
18 Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre femtan stadier på lag,
19 og mange jødar var komne til Marta og Maria og vilde trøysta dei i sorgi yver broren.
20 Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med han; men Maria sat heime.
21 So sa Marta til Jesus: Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.
22 Men kor som er, so veit eg at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.
23 Jesus segjer til henne: Bror din skal standa upp att.
24 Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag, svara Marta.
25 Då sa Jesus til henne: Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal leva um han so døyr,
26 og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?
27 Ja, Herre, svara ho, eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds Son, han som skulde koma til verdi.
28 Med so sagt gjekk ho av stad og kalla på Maria, syster si, og sa til henne i løynd: Meisteren er her og spør etter deg.
29 Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han.
30 Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt han.
31 Då jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho reiste seg brått og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der.
32 Som no Maria kom dit som Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.
33 Då Jesus såg at ho gret, og at jødane som hadde fylgt henne, gret, vart han harm i hugen og ristest og sa:
34 Kvar hev de lagt han? - Kom og sjå, Herre! svara dei.
35 Jesus gret.
36 Då sa jødane: Sjå kor kjær han hadde han!
37 Og sume av dei sa: Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?
38 Då vart Jesus på nytt lag harm inni seg, og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre.
39 Tak steinen ifrå! segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: Herre, det tevjar alt av han, for han hev lege der på fjorde dagen!
40 Jesus segjer til henne: Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?
41 So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sa: Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg!
42 Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her ikring, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.
43 Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: Lasarus, kom ut!
44 Ut kom den daude, med føtene og hendene sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andletet. Jesus segjer til dei: Løys han, so han fær ganga!
45 Mange av jødane, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på han.
46 Nokre av dei gjekk til farisearane og sa dei kva Jesus hadde gjort.
47 Då kalla øvsteprestane og farisearane rådet i hop til eit møte og sa: Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn!
48 Let me han få halda på soleis, kjem alle til å tru på han, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.
49 Og ein av dei, Kaifas - han var øvsteprest det året - sa til dei:
50 De skynar ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.
51 Det sa han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket,
52 og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring.
53 Frå den dagen la dei upp råd um å drepa han.
54 Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødane, men for derifrå til dei bygdene som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efra'im; der heldt han til eit bel med læresveinane sine.
55 No leid det nær til påskehelgi åt jødane, og mange for frå bygdene upp til Jerusalem fyre påske og skulde reinsa seg.
56 Då leita dei etter Jesus, og sa seg imillom medan dei stod i templet: Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?
57 Men øvsteprestane og farisearane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja ifrå, so dei kunde gripa han.