«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Johannes' evangelium 10

1  Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar;

2  Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauene.

3  Han let dørvaktaren upp åt, og sauene høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn og leider dei ut.

4  Når han hev fenge ut alle sauene sine, gjeng han fyre dei, og sauene fylgjer han; for dei kjenner målet hans.

5  Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for han, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande.

6  Denne likningi sa Jesus dei, men dei skyna ikkje kva det var han tala til dei um.

7  So tala Jesus atter til dei og sa: Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauene.

8  Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.

9  Eg er døri; den som gjeng inn gjenom meg, skal verta berga, og skal ganga inn og ganga ut og finna beite.

10  Tjuven kjem ikkje for anna enn for di han vilde stela og slakta og øyda; eg er komen for dei skal hava liv og hava nøgdi.

11  Eg er den gode hyrdingen; den gode hyrdingen set livet sitt til for sauene.

12  Leigekaren, som ikkje er hyrding, og som sauene ikkje høyrer til, ser ulven koma, men let sauene vera der dei er, og rømer, og ulven røvar dei og jagar dei frå einannan;

13  So gjer leigekaren av di han er ein leigekar og ikkje hev umsut for sauene.

14  Eg er den gode hyrdingen, og eg kjenner mine, og mine kjenner meg,

15  liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen; og eg set livet til for sauene.

16  Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; dei og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.

17  Difor er det Far min elskar meg, for di eg set livet mitt til so eg kann taka det att.

18  Ingen tek det frå meg, eg set det til av meg sjølv. Eg hev makt til å setja det til, og eg hev makt til å taka det att; det bodet fekk eg av Far min.

19  Um desse ordi var det på nytt skilde meiningar millom jødane.

20  Mange av dei sa: Han er forgjord, han er frå vitet! Kvi lyder de på han?

21  Andre sa: Dette er ikkje forgjord manns tale! Kann ei vond ånd opna augo på blinde?

22  So kom tempelvigslehelgi i Jerusalem. Det var vinter,

23  og Jesus gjekk ikring i templet i Salomons-halli.

24  Då flokka jødane seg ikring han og sa til han: Kor lenge vil du halda oss i uvissa? Er du Messias, so seg oss det beint ut!

25  Jesus svara: Eg hev sagt dykk det, og de trur ikkje. Dei verki eg gjer i Far min's namn, dei vitnar um meg;

26  men de trur ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27  Mine sauer lyder røysti mi, og eg kjenner dei, og dei fylgjer meg,

28  og eg gjev dei eit æveleg liv; dei skal ikkje i all æve forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi.

29  Far min, som hev gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kann riva dei ut or handi åt Far min.

30  Eg og Faderen er eitt.

31  På nytt lag tok jødane upp steinar og vilde steina han.

32  Då tok Jesus til ords og sa: Mange gilde verk hev eg synt dykk frå Far min; kva for eitt av dei er det de steinar meg for?

33  For eit gildt verk steinar me deg ikkje, svara jødane, men for gudsspotting - for di du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.

34  Jesus svara: Stend det ikkje skrive i lovi dykkar: Eg hev sagt: De er gudar?

35  Når no lovi kallar dei som Guds ord kom til for gudar - og Skrifti kann ikkje gjerast um inkje -

36  segjer då de til den som Faderen hev helga og sendt til verdi: Du spottar Gud, for di eg sa: Eg er Guds Son?

37  Gjer eg ikkje verki åt Far min, so tru meg ikkje!

38  Men gjer eg det, so tru verki, um de ikkje trur meg; so skal de skyna og sjå at Faderen er i meg og eg i han!

39  Då freista dei atter å gripa han, men han slapp utor hendene deira.

40  So for han attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.

41  Og kom mange til han, og dei sa: Johannes gjorde fulla ikkje noko teikn, men alt det Johannes sa um denne mannen, var sant.

42  Og mange trudde på han der.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23