Johannes' evangelium 1
1 I upphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.
2 Han var i upphavet hjå Gud.
3 All ting vart til ved han, og utan han vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til.
4 I han var liv, og livet var ljoset åt menneski.
5 Og ljoset skin i myrkret, og myrkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes var namnet hans.
7 Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved han.
8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset.
9 Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneske, var den gongen på veg til verdi.
10 Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved han, og verdi kjende honom ikkje.
11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.
12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans,
13 som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans - ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin - full av nåde og sanning.
15 Johannes vitnar um han og ropar ut: Han var det eg sa soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.
16 Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;
17 for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi kom ved Jesus Kristus.
18 Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort han kjend.
19 So var vitnemålet Johannes gav då jødane sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja han: Kven er du?
20 Då sa han beint ut, og dulde ikkje for det; han sa beint ut: Eg er ikkje Messias.
21 Kva er du då? spurde dei. Er du Elias? - Nei, det er eg ikkje, sa han. Er du profeten? - Nei, svara han.
22 Kven er du? sa dei då - so me hev eit svar å gjeva dei som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv?
23 Han sa: Eg er røysti som ropar i heidi: Jamna vegen åt Herren! som profeten Esaias segjer.
24 Dei som var sende, høyrde til farisearflokken.
25 So spurde dei han: Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elias, og ikkje profeten?
26 Eg døyper med vatn, svara Johannes; midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner:
27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt.
28 Dette gjekk fyre seg i Betania på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg og segjer: Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd!
30 Det er han eg sa det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.
31 Eg kjende han ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn.
32 Og Johannes vitna: Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver han.
33 Eg kjende han ikkje; men han som sende meg til å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.
34 Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son.
35 Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinane sine.
36 Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: Sjå der er Guds lamb!
37 Dei tvo læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus.
38 Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter han, sa han til dei:
39 Kva vil de? - Kvar bur du, rabbi? spurde dei - rabbi tyder meister -.
40 Kom, so skal de sjå! svara han. So gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring tiande timen.
41 Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus.
42 Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til han: Me hev funne Messias! - Messias er det same som Kristus -.
43 Han tok han med seg til Jesus. Jesus såg på han og sa: Du er Simon Johannesson; du skal heita Kefas! - Kefas er det same som Peter -.
44 Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilea. Han møter Filip, og segjer til han: Fylg meg!
45 Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.
46 Filip møter Natanael, og segjer til han: Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetane hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.
47 Kann det koma noko godt frå Nasaret? sa Natanael. Kom og sjå! svara Filip.
48 Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sa um han: Sjå, der er ein ekte israelit, ein som det ikkje finst svik i!
49 Natanael segjer til han: Kvar kjenner du meg ifrå? - Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg, svara Jesus.
50 Då tok Natanael til ords og sa til han: Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!
51 Trur du for di eg sa deg at eg hadde set deg innunder fiketreet? svara Jesus. Du skal få sjå større ting enn det.
52 Det segjer eg dykk for visst og sant, sa han til han: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskesonen.