«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Joel 2

1  Blås i lur på Sion, blås alarm på mitt heilage fjell! Alle som bur i landet, skjelve! For Herrens dag kjem - han er nær,

2  ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodd, breidd ut yver fjelli som morgonrode - eit stort og sterkt folk, som det aldri hev vore maken til og aldri heller kjem maken til i åri heretter, frå ætt til ætt.

3  Framfyre det et elden upp, og etter kjem brennande logen; framfyre det er landet som Edens hage, og etter det er det ei øydemark; ingen ting kann berga seg undan.

4  Som hestar er dei å sjå til, og som ridarar renner dei av stad.

5  Det glamrar nett som av vogner når dei hoppar burtyver høgste fjelli, det læt som når logen frasar i halm, dei er som eit sterkt folk, fylkt til strid.

6  Folkeslag skjelv når dei ser det; alle vert eldande raude i andletet*.

7  Som kjempor renner dei av stad, som stridsmenner stormar dei murar; kvar ein fer vegen sin ende fram og tek ikkje utor leidi.

8  Ingen trengjer den andre burt, kvar fylgjer sin eigen veg; millom kastespjot rusar dei fram og stoggar ikkje i laupet.

9  I byen sviv dei ikring, på muren spring dei, i husi kjem dei seg upp, gjenom vindauga bryt dei seg inn som tjuvar.

10  Jordi skjelv framfyre dei, og himmelen bivrar; sol og måne svartnar, og stjernone løyner sin glans.

11  Herren let høyra si røyst framfyre si fylking, for ovstor er heren hans, og sterk er hans ærendsvein; for stor er Herrens dag og skræmeleg - kven held han ut?

12  Men jamvel no, so segjer Herren, vend um til meg med heile dykkar hjarta, med fasta og gråt og syrgjelæte!

13  Riv sund dykkar hjarta og ikkje klædi! Vend um til Herren dykkar Gud! For han er nådig og miskunnsam, langmodig og rik på miskunn, han angrar det vonde.

14  Kven veit? Kann henda han snur og angrar og legg ei velsigning etter seg, til matoffer og drykkoffer for Herren dykkar Gud.

15  Blås i lur på Sion, lys ei heilag fasta, ropa ut ei samlingshøgtid!

16  Samla folket, lys ei heilag samling, få dei gamle i hop, samla småborni, ja sogborni med! Lat brudgomen ganga or koven sin og bruri ut or sitt rom!

17  Millom forhall og altar skal dei standa, prestane, Herrens tenarar, og gråta og segja: Spar, Herre, folket ditt, og lat ikkje din eigen odel verta til spott og spe, so heidningar fær råda yver han! Kvi skal dei segja millom folki: Kvar er deira Gud?

18  Då vert Herren ihuga for sitt land, og han sparer sitt folk.

19  Og Herren svarar og segjer til sitt folk: Sjå, eg sender dykk korn og druvesaft og olje, so de kann mettast av det; og eg skal ikkje lenger gjera dykk til spott millom folki.

20  Fienden frå Norder-land driv eg langt burt ifrå dykk og jagar han av til eit turt og øyde land, hans fortropp til havet i aust og hans baktropp til havet i vest; og vondt skal det dåma av han, ja ilt skal det tevja; for altfor store ting hev han teke seg fyre.

21  Ikkje ottast, du land, men fagna deg og ver glad! For storverk hev Herren gjort.

22  Ikkje ottast, de dyr på marki! For no grønkar graset på heidi, og trei ber frukt, fiketre og vintre gjev no si kraft.

23  Og de Sions-born, fagna og gled dykk i Herren dykkar Gud! For han gjev dykk læraren til rettferd; so sender han regn ned til dykk, haustregn og vårregn, fyrst*.

24  Treskjevollane vert fulle med korn, og persone fløymer med druvesaft og olje.

25  Og skadebot gjev eg for alle dei år då grashoppen herja, og sleikjaren og skavaren og gnagaren med, min store her, som eg sende imot dykk.

26  De skal få eta og verta mette og lova namnet åt Herren dykkar Gud, han som hev stelt so underfullt med dykk, og aldri i æva skal folket mitt skjemmast.

27  Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren dykkar Gud, og ingen annan; og aldri i æva skal folket mitt skjemmast.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23