«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Joel 1

1  Herrens ord som kom til Joel Petuelsson:

2  Høyr dette, de som gamle er! Lyd etter, alle som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid eller i tidi åt federne dykkar?

3  De skal fortelja um det til borni dykkar, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem.

4  Det som gnagaren* leivde, åt grashoppen upp, det som grashoppen leivde, åt sleikjaren* upp, og det som sleikjaren leivde, åt skavaren* upp.

5  Vakna, de drukne, og gråt og jamra dykk, alle de vindrikkarar, av di druvesafti er rivi frå munnen dykkar.

6  For eit folk hev fare yver landet mitt, sterkt og utan tal; tennene deira er som løvetenner, og jakslar hev dei som løvebinna.

7  Vintrei mine hev dei snøydt, og fiketrei hev dei brote ned; dei hev flekt dei reint og hivt dei; greinene hev vorte kvite.

8  Barma dykk som ei møy som gjeng syrgjeklædd for sin ungdoms brudgom!

9  Matoffer og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus; prestane, Herrens tenarar, syrgjer.

10  Åkrar er øydde, jordi syrgjer; for kornet er øydt, druvesafti hev torna burt, oljen er kvorven.

11  Bøndene er vonbrotne, vingardsmennene jamrar seg; for kveite og bygg, grøda på marki, er tynt.

12  Vintreet hev torna upp, og fiketreet hev visna; granatepletreet, palma og apalen, alle tre på marki hev torna upp; ja, all fagnad er kvorven frå manneheimen.

13  Klæd dykk i syrgjebunad og øya, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og sit heile natti i syrgjebunad, de min Guds tenarar! For dykkar Guds hus lyt sakna matoffer og drykkoffer.

14  Lys ut ei heilag fasta, ropa ut ei samlingshøgtid, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herrens, dykkar Guds hus og ropa til Herren!

15  Å for ein dag! For Herrens dag er nær og kjem som vald frå den Allveldige.

16  Vart ikkje maten burte medan me såg på, gleda og frygd frå vår Guds hus?

17  Såkornet ligg innturka under jordskorpa; buri er tome, løone nedrivne, for kornet er øydelagt.

18  Kor buskapen styn! Ukseflokkane fer redde ikring, for det finst ikkje beite åt dei; jamvel saueflokkane lyt lida.

19  Til deg, Herre, ropar eg; for elden hev øydt beitelandet i heidi, og logen hev brent upp alle tre på marki.

20  Jamvel dyri i marki styn etter deg; for bekkefari er turre, og elden hev øydt beitelandet i heidi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23