Jobs bok 8
1 Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:
2 Kor lenge vil du tala so og lata ordi rasa som eit uver?
3 Trur du at Gud kann rengja retten? Kann den Allmektige vel rengja rettferd?
4 Hev dine søner synda mot han, gav han dei deira synd i vald.
5 I fall du vender deg til Gud, og bed du allmakts Gud um nåde,
6 er du då rein og utan svik, so skal han vaka yver deg og reisa ny din rettferds-bustad,
7 og lukka som du åtte fyrr, skal verta ring mot den som kjem; for ho skal vera ovleg stor.
8 For berre spør dei farne ætter, og akta på kva federne fann ut
9 - for me er frå i går, og inkje veit me; for livet vårt på jordi er ein skugge -
10 dei skal nok læra deg og gjeva fråsegn og svara deg med ord frå hjarta.
11 Veks sevet anna enn i myr? Trivst storren der som vatnet vantar?
12 Enn stend han grøn, og ingen skjer han; då visnar han fyrr noko anna gras.
13 So gjeng det alle dei som gløymer Gud, og voni glepp for gudlaus mann;
14 avskore vert det som han set si lit til, og det han stolar på, er kongurvev.
15 Han styd seg på sitt hus - det dett; han held seg fast i det, men det stend ustødt.
16 Han stend der full av saft i solskinet, hans greiner breider seg utyver hagen;
17 hans røter smett seg kring ei steinrøys, han bryt seg fram imillom steinar.
18 Men vert han riven frå sin stad, so kjennest staden ikkje ved han, men segjer: Eg hev aldri set deg.
19 Sjå, det er gleda på hans veg, og upp or moldi brydder andre.
20 Nei, Gud skyt ikkje frå seg ein som er ulastande, og han tek ikkje gudlaust folk i handi.
21 Han skal nok endå fylla munnen din med lått og lippone med fagnadrop.
22 Men dei som hatar deg, skal skammi klæda, og tjeldi åt dei gudlause skal ikkje finnast meir.