Jobs bok 41
1 So djerv er ingen at han torer terga han; kven vågar då å reisa seg mot meg?
2 Kven gav meg noko fyreåt, so eg laut gjeva lika for det? Alt under himmelen er mitt.
3 Eg tegjer ikkje um hans lemer, hans styrke og hans vene bygnad.
4 Kven hev vel drege klædnaden hans av han? Kven vågar seg inn um hans doble tanngard?
5 Kven hev vel opna kjakedøri hans? Ikring hans tenner ligg det redsla.
6 Byrge er radene av skjoldar; attlaten er kvar ein med fast forsigling.
7 Tett ligg den eine innåt hin, og ingi luft slepp millom dei.
8 Den eine skjolden heng i hop med hin; dei grip uskiljande inn i kvarandre.
9 Ljos strålar fram kvar gong han nys, og augo er som kvarmane åt morgonroden.
10 Brandar fer ut or gapet hans, eldgneistar sprutar derifrå.
11 Or naseborone kjem røyk som or ein kjel med sev-eld under.
12 Hans ande kveikjer eld i kol, og logar stend ut or hans gap.
13 På halsen hans hev styrken bustad, og redsla hoppar fyre han.
14 Kjøtvalkane sit fast innåt, urikkande, som støypte på han.
15 Hjarta i han er fast som stein, ja, fast som understein i kverni.
16 Kjempor vert fælne når han ris; av redsla vert dei reint ifrå seg.
17 Um sverdet råmar han, so bit det ikkje på han, og ikkje langspjot, piler eller kastespjot.
18 Han aktar jarn som var det strå, og kopar nett som fauskeved.
19 Han flyr ikkje for bogesonen*; stein ifrå slyngja vert som halm for han.
20 Stridsklubbor reknar han for halm, han berre lær åt spjot som susar.
21 På buken sit det kvasse broddar, han lagar far i søyla som ein treskjeslede.
22 Han fær djupet til å koka som ei gryta, og havet til å skuma som ein salvekjel.
23 Stigen hans lyser etter han; djupet ser ut som det hev sylvhår.
24 På jord finst ingen ting som meistrar han; skapt er han til å vera utan reddhug.
25 Alt som er høgt, ser han i auga; han er ein konge yver alle stolte dyr.