«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 4

1  Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2  Um ein baud til å tala eit ord til deg, tok du då ille på det? Men kven kann halda ordi att?

3  Sjølv hev du tala mange til rettes, og maktlause hender hev du styrkt;

4  dine ord reiste upp den som snåva, og kne som veikna, gav du kraft.

5  Men no, når det gjeld deg sjølv, vert du utolug, når det råmar deg, so reddast du.

6  Er ikkje din gudlegdom di tiltru, di ulastande ferd di von?

7  Tenk etter: Kven let livet skuldlaus? Kvar gjekk rettvise folk til grunns?

8  Stødt såg eg: Dei som pløgde urett og sådde naud, dei hausta slikt.

9  Dei stupte for Guds andedrag, og for hans vreidepust vart dei til inkjes.

10  Ei løva bura, men det fæle målet tagna, og tennene på ungløva vart knasa.

11  Av skort på rov laut løva døy, og løveungane vart spreidde.

12  Og til meg kom eit ord i løynd; for øyra let det som ei kviskring,

13  med' tankar kom og for ved nattesyner, då svevnen la seg tung på folk.

14  Då kom ein otte på meg, so eg bivra, og alle mine bein tok til å skjelva.

15  Ei ånd for framum andletet - då reiste håri seg på kroppen.

16  Ho stogga, men eg kunde ikkje rett skilja korleis ho såg ut - ein skapnad stod der framfor augo; eg høyrde susing og ei røyst:

17  Er mennesket rettferdigt, tru, for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?

18  Sjå, tenarane sine trur han ikkje, hjå sine englar finn han lyte* -

19  enn meir hjå dei som bur i hus av leir, som hev sin grunnvoll nedi moldi - dei som kann knasast lett som molen.

20  Frå morgon og til kveld - so ligg dei krasa; fyrr nokon ansar det, gjeng dei til grunns for alltid.

21  Vert ikkje deira tjeldsnor rivi ut*? Dei døyr, men visdom eig dei ikkje.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23