Jobs bok 39
1 Gjeng du på rov for løvebinna, og mettar du ungløvone,
2 når dei dukkar seg i sine holor og ligg på lur i busk og kjørr?
3 Kven syter vel for mat åt ramnen, når ungane hans skrik til Gud og flakkar kringum utan føda?
4 Kjenner du tidi når steingeiti kjear, og aktar du på ridene åt hindi?
5 Reknar du måna'ne dei gjeng med unge, og veit du tidi når dei føder?
6 Dei bøygjer seg, eig sine ungar og kvittar seg med sine rider.
7 Ungane veks seg store utpå marki; so spring dei burt og kjem 'kje att til dei.
8 Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyret,
9 som eg gav øydemark til heim, den salte moen til ein bustad?
10 Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren.
11 Det finn seg beite uppå fjelli, det leitar upp kvart grøne strå.
12 Tru villuksen er huga til å tena deg? Og vil han natta yver ved di krubba?
13 Kann du vel binda han med reip til fori*? Tru han vil horva dalar etter deg?
14 Kann du vel lita på han for hans store styrke, og kann du yverlata han ditt arbeid?
15 Trur du han til å føra grøda heim og samla henne til din treskjestad?
16 Struss-hoa flaksar kåt med sine venger, men viser vengene og fjøri morskjærleik?
17 Nei, sine egg dei let ho jordi skøyta, og sanden er det som fær verma dei;
18 ho gløymer at ein fot kann krasa dei, og villdyri på marki trø dei sund.
19 Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; at hennar strev skal vera fåfengt, det hev ho ingen otte for.
20 For Gud hev neitta henne visdom og ikkje etla henne vit.
21 Men når ho flaksar upp i veret, lær ho åt både hest og mann.
22 Skal tru um du gjev hesten styrke og klæder halsen hans med mån?
23 Let du han springa som ein grashopp? Skræmeleg er hans stolte frøsing.
24 I marki skrapar han og gled seg i si kraft; so fer han fram mot væpna flokkar.
25 Han lær åt otten, reddast ikkje og vender ikkje um for sverdet.
26 Yver han skranglar pilehuset, det blenkjer kastespjot og langspjot.
27 Med ofse riv han jordi upp, ustyrleg når stridsluren ljomar.
28 Han kneggjar: Hui! når luren let, og verar striden langan leid, ljomande hovdingmål og herrop.
29 Er det vel vitet ditt å takka at hauken svingar seg i høgdi og spilar vengene mot sud?
30 Er det av di du byd, skal tru, at ørnen stig so høgt til vers og byggjer reiret sitt i høgdi?
31 Han bur på berg og nattar der, på kvasse tind og høge nut.
32 Der ovan ser han etter føda; hans augo skodar vidt ikring.
33 Hans ungar slurpar i seg blod; der det finst lik, der er han og.
34 Og Herren heldt fram og svara Job og sa:
35 Du som hev klandra den Allmektige, vil du no tretta med han? Du som hev lasta Gud, lyt svara meg på dette!
36 Då svara Job Herren og sa:
37 Nei, dertil er eg alt for ring; kva skulde eg vel svara deg? Eg legg mi hand på munnen min.
38 Eg tala ein gong, men no tegjer eg - tvo gonger, men eg gjer det ikkje meir.