«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 38

1  Og Herren svara Job or stormen og sa:

2  Kven er vel han som gjer mi rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?

3  Vel, spenn no beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.

4  Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, um du hev greida på det!

5  Kven sette måli hennar? Veit du det? Kven spana mælesnor ut yver henne?

6  Seg, kvar vart hennar stolpar feste? Kven la vel hennar hyrnestein,

7  med' alle morgonstjernor jubla, alle Guds søner ropa høgt av frygd?

8  Kven stengde havet inn med dører, då det braut fram og kom or morslivet,

9  den gong eg klædde det med skyer og sveipte det i myrkeskodd

10  og merkte av ei grensa åt det og sette både bom og dører

11  og sa: Hit kjem du, ikkje lenger, her skal dei stogga, dine byrge bylgjor?

12  Kalla du nokosinne dagsprett fram, synte du morgonroden staden hans,

13  so han tok tak i jardane åt jordi, og dei ugudlege vart riste av?

14  Då tek ho form som leiret under seglet, og allting ter seg greinleg som ein klædnad;

15  då misser dei ugudlege sitt ljos*, den arm som lyfte seg, vert knasa.

16  Kom du vel fram til havsens kjeldor, og gjekk du kring på djupsens botn?

17  Hev daudsens portar synt seg for deg, ja, såg du daudeskuggens portar?

18  Såg du utyver viddene på jordi? Kjenner du alt i hop, so lat oss høyra!

19  Kvar er vel vegen dit som ljoset bur? Og myrkret - kvar hev det sin heim,

20  so du kann henta det til riket der det råder og kjenna stigane til huset det held til i?

21  Du veit det vel; du vart då fødd den gongen, og dagetalet ditt er stort.

22  Tru du hev vore der som snøen kjem frå, hev set dei forrådshus der haglet ligg,

23  som eg hev spart til trengsletidi, den dag som kjem med kamp og krig?

24  Kva veg fer ljoset når det deiler seg, og austanvinden når han spreider seg på jordi?

25  Kven opna rennor, tru, for regnet og brøytte veg for eldingen,

26  so det fekk regna i eit land der ingen bur, ei øydemark der inkje menneske held til,

27  so aude heidi kunde mettast og graset renna upp or grunnen?

28  Skal tru um regnet hev ein far? Kven avla vel doggdropane?

29  Kva morsliv kom vel isen or, kven trur du åtte himmel-rimet?

30  Sjå, vatnet hardnar liksom stein, og havsens flata stivnar til.

31  Sjustjerne-bandet - kann du knyta det? Orions lekkjor - kann du løysa dei?

32  Kann du få Dyrering-bileti fram i rette tid, og Bjørnen og hans ungar* - kann du styra deira gang?

33  Kjenner du himmel-lovene? Og skipar du hans velde yver jordi?

34  Kann røysti di nå upp til skyi, so vatnet fløymer yver deg?

35  Kann du vel senda ljoni, so dei fer av stad, og svarar dei deg: Ja, her er me?

36  Kven hev lagt visdom i dei myrke skyer, kven hev lagt vit i luftsynet?

37  Kven tel vel skyene med visdom, og himmel-hitane - kven tømer dei,

38  når mold renn saman til ein deig, jordklumpar kleimer seg i hop?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23