Jobs bok 37
1 Ja, dette skjelv mitt hjarta for, av redsla hoppar det i barmen.
2 Høyr, høyr på braket av hans røyst, den dun som gjeng ut or hans munn!
3 Han let han fara under heile himmelkvelven og sender ljoset sitt til heimsens ytste endar.
4 So burar røysti etterpå, han torar med sitt veldes røyst; og ljoni held han ikkje att alt medan han let røysti ljoma.
5 Gud torar underfullt med røysti, gjer storverk som me ikkje skynar.
6 Til snøen segjer han: Fall ned på jordi! - til regnet like eins, sitt sterke skolregn.
7 Kvar mannehand forsiglar han*, so alle dei som han hev skapt, må koma til å kjenna han.
8 Då gjeng villdyri inn i sine holor, held seg i ro i sine hi.
9 Frå inste kammeret i sud kjem storm, og nordanvinden kjem med kulde.
10 Av anden frå Guds munn kjem is, dei vide vatni kjem i tvang.
11 Han fyller skyene med væte og breider sine eldingsskyer;
12 dei sviv og svingar hit og dit, alt etter som han leider dei, so dei skal gjera alt han byd dei, utyver all den vide jord;
13 anten til tukt, når det kann gagna jordi, eller til signing sender han dei ut.
14 Vend øyra ditt til dette, Job! Statt still og akta på Guds under!
15 Skynar du vel korleis Gud styrer dei og let ljon skimta fram or sine skyer?
16 Skynar du korleis skyi sviv i lufti, skynar du underi åt den Allvise,
17 du som læt ille av di klædi vert so heite, når jordi ligg der dormande i sunnanvind?
18 Kann du vel kvelva himmelen med han, fast som ein spegel, gjord av støypt metall?
19 Lær oss kva me skal segja til han! Me kann ikkje få noko fram for berre myrker.
20 Skal han få bod at eg vil tala med han? Hev nokon sagt at han hev hug å tynast?
21 Men menneski ser ikkje ljoset, endå det skin so klårt på himmelen, og vind hev fare fram og reinska han.
22 Langt nordanfrå kjem gullet hit; kring Gud er det ein fælsleg glans.
23 Den Allmektige, han kann me ikkje finna, so ovstor som han er i makt; men retten og den strenge rettferd vil han aldri krenkja.
24 Difor ber menneski og age for han; men sjølvklokt folk - han ansar ingen av dei.