«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 34

1  Og Elihu tok til ords att og sa:

2  De vise, høyr på ordi mine! De vituge, lyd no på meg!

3  Med øyra prøver ein då ord, som ein med gomen smakar maten.

4  Lat oss no velja det som er rett er, og saman finna ut kva som er godt!

5  Sjå, Job hev sagt: Eg er rettferdig, og Gud hev teke retten min ifrå meg;

6  um eg hev rett, so skal eg vera ljugar; ei pil hev såra meg til ulivs, endå eg veit meg fri for brot.

7  Finst det vel nokon mann som Job, han som drikk spotting liksom vatn*

8  og søkjer lag med illgjerdsmenner og umgang med gudlause folk?

9  For han hev sagt: Kva gagnar det ein mann um han er ven med Gud?

10  Difor, de kloke, høyr på meg! Det er langt frå Gud å gjera synd, frå den Allmektige å vera urettferdig.

11  Han let eit menneske få lika for si gjerd, gjev mannen att etter hans ferd.

12  Gud gjer 'kje noko syndigt, det er visst, og den Allmektige han krenkjer ikkje retten.

13  Kven gav jordi i hans varetekt, og kven la heile jordriket på han?

14  Dersom han berre tenkte på seg sjølv og drog sin Ande og sin ande til seg att,

15  då laut alt kjøt på ei tid lata livet, og mennesket laut atter verta mold.

16  Men gjev no gaum og høyr på dette, lyd nøgje etter kva eg segjer!

17  Kann ein som hatar retten, vera styrar? Eller torer du fordøma den Rettferdige, den Mektige?

18  Tru nokon segjer til ein konge: Niding! eller til fyrsten: Du ugudlege?

19  Gud gjer då ikkje skil på fyrstar og vyrder ikkje rikmann meir enn arming? Dei er då alle skapte av hans hender.

20  Brått andast dei, og midt um natti; folket det ragar og forgjengst, den mektige vert burtrykt utan mannehand.

21  For augo hans gjev akt på kvar manns vegar, og alle steg han tek, dei ser han;

22  det finst 'kje myrker eller daudeskugge der illgjerdsmenn kann løyna seg;

23  Gud tarv 'kje akta lenge på ein mann fyrr han lyt møta Gud til doms.

24  Han krasar storfolk utan forhøyr, set andre so i deira stad.

25  Ja, han veit vel um deira gjerningar og slær dei ned um natti so dei gjeng til grunns.

26  Han tuktar dei som illgjerdsmenn, ein stad der alle folk kann sjå det;

27  for difor veik dei burt ifrå han og ansa ikkje nokon av hans vegar,

28  at dei skulde få armingane til å ropa til han, at han skulde få høyra skriket frå dei undertrykte.

29  Held han seg still, kven torer då fordøma han? Løyner han åsyni, kven fær då sjå han? So gjer han både med eit folk og med ein einskild,

30  når han vil riva makti frå eit gudlaust menneske og hindra at det snaror vert for folket.

31  For hev vel nokosinne eit slikt menneske sagt so til Gud: Ovmodig hev eg vore, eg vil ikkje lenger gjera det som vondt er;

32  det som eg ikkje ser, det lyt du læra meg; hev eg gjort urett, gjer eg det aldri meir?

33  Skal han vel løna som du tykkjer? Det var då du som klandra han.* So lyt du velja, ikkje eg, og du fær segja det du veit.

34  Vituge menn vil segja til meg, ja kvar ein vismann som meg høyrer:

35  Med skynsemd talar ikkje Job, det er 'kje vit i ordi hans.

36  Gjev Job må verta prøvd i eino, han som gav svar på nidings vis!

37  For han legg misgjerd til si synd, slær hendene i hop* her millom oss og talar mange ord mot Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23