Jobs bok 33
1 Men høyr no, Job, på talen min og lyd på alle mine ord!
2 Sjå, eg hev opna mine lippor, alt talar tunga i min munn.
3 Truverdige og ærlege er mine ord, og endefram skal mine lippor bera fram min kunnskap.
4 Guds Ande er det som hev skapt meg, og anden ifrå den Allmektige held meg i live.
5 Dersom du kann, so svara meg! Væpna deg mot meg og stig fram!
6 Eg er din likemann for Gud, eg og er laga utav leir.
7 Redsla for meg tarv ikkje taka deg, mitt velde ikkje tyngja på deg.
8 Men du hev sagt for øyro mine, so lydde ordi som eg høyrde:
9 Uskyldig er eg, utan brot, flekklaus er eg og fri for misgjerd;
10 men Gud vil hava uvensgrunnar mot meg, han held meg for ein fiendsmann;
11 han set i stokken mine føter og vaktar alle mine vegar.
12 Nei, dette hev du ikkje rett i, svarar eg; Gud er då større enn eit menneske.
13 Kvi krev du han til rekneskap? Han svarar ikkje med eit ord.
14 Men EIN gong talar Gud, ja tvo dersom ein ikkje aktar på det.
15 I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei ligg blundande på lægjet,
16 då let han øyro upp på dei og set innsigle på åtvaringi til dei,
17 for å få mennesket burt frå si gjerning og rydja ovmod ut hjå mannen
18 og berga sjeli hans frå gravi og livet hans frå spjotodd-daude.
19 Han vert og refst med liding på sitt lægje, og stendig uro gjeng igjenom merg og bein.
20 Hans liv fær mothug imot brød og sjeli hans mot lostemat.
21 Hans kjøt vert upptært, so ein ikkje ser det meir, hans bein, som ikkje synte fyrr, ligg berre;
22 og nær til gravi kjem hans sjel, hans liv til daude-englane.
23 Er det då innmed han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som kunngjer mennesket den rette vegen,
24 so vil Gud ynkast yver han og segja: Fria han frå å fara ned i gravi! No hev eg fenge løysepengar.
25 Då vert hans lekam frodigare enn i yngdi, då vert han atter som i sine ungdomsdagar.
26 Han bed til Gud, og han er nådig mot han; med jubel skodar han Guds åsyn, og han gjev mennesket rettferdi att.
27 Han syng for menneski og segjer: Vel synda eg og krenkte retten, men eg fekk ikkje lika for det;
28 han fria sjeli, so ho ikkje gjekk i grav, og no ser livet mitt med gleda ljoset.
29 Sjå, alle desse ting gjer Gud tvo gonger, ja dei tri, mot mannen,
30 når han vil berga sjeli hans frå gravi, so ljoset åt dei levande kann stråla kring han.
31 Gjev gaum då, Job, og høyr på meg! Ver tagal du, so eg fær tala!
32 Um du hev ord, so svara meg! Tala, eg gjev deg gjerne rett!
33 Hev du det ikkje, høyr so du på meg! Teg still, so du hjå meg kann læra visdom!