«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 31

1  Eg hadde gjort ei pakt med augo mine; eg skulde ikkje skygna etter nokor møy.

2  Kva lut laut eg vel elles få av Gud i himmelen, eller kva arv av den Allmektige der uppe?

3  Kjem ikkje uferd yver udådsmann, ulukka yver illgjersmenner?

4  Ser ikkje han kvar mine vegar gjeng, og tel han ikkje alle mine steg?

5  Um eg hev fare fram med fals, hev foten vore snar til svik

6  - Gud vege meg på rettferds vekt, so skal han sjå at eg er skuldlaus -

7  hev mine steg krøkt av frå vegen, hev hjarta gjenge etter augo, og finst det flekk på mine hender,

8  lat då ein annan eta det eg sådde, lat det eg planta, rivast upp med rot!

9  Let hjarta mitt seg dåra for ei kvinna skuld, og hev eg lurt ved døri åt min næste,

10  so gjev mitt viv lyt mala* for ein annan, og andre menner bøygje seg utyver henne!

11  For sovore er skjemdarferd, ei misgjerd som fortener refsing;

12  det er ein eld som tærer radt til avgrunns; han skulde øyda all mi eiga.

13  Krenkte eg retten åt min træl og mi trælkvinna, um so var at dei hadde nokor tretta med meg?

14  Kva skulde eg vel gjera då um Gud reis upp, kva skulde eg vel svara um han granska saki?

15  Hev ikkje han som skapte meg i morslivet, skapt ogso dei, og hev ikkje den same laga oss i morsfanget?

16  Hev eg sagt nei til fatigfolk som bad, og late enkje-augo tærast burt?

17  Hev eg vel ete brødet mitt åleine, so den farlause inkje fekk av det?

18  Nei, frå min ungdom voks han upp hjå meg som hjå ein far, og henne* tok eg alt frå morslivet i hand og leidde.

19  Kunde eg sjå ein stakkar utan klæde eller ein fatig utan yverplagg?

20  Laut ikkje lendene hans signa meg, når han fekk verma seg med ull av mine sauer?

21  Hev eg lyft handi mot den farlause, av di eg visste retten gav meg medhald?

22  Gjev då mi herd lyt losna or sin led, og gjev min arm lyt brotna frå si skål!

23  For eg var ovleg redd Guds straff, og mot hans velde vann eg inkje.

24  Hev eg vel sett mi von til gullet og kalla gullklumpen mi tiltru?

25  Gledde eg meg av di min rikdom auka, av di mi hand vann meg so mykje gods?

26  Når eg såg solljoset, korleis det stråla, og månen der han skreid so herleg fram,

27  vart hjarta då i løyndom dåra, so eg med handkyss hyllte dei*?

28  Nei, det og hadde vore misgjerd som fortente straff; for dermed neitta eg då Gud der uppe.

29  Hev eg vel gledt meg når det gjekk min uven ille, og jubla når ulukka råma han?

30  Nei, eg gav ikkje munnen min lov til å synda og banna han og ynskja at han måtte døy.

31  Og lyt ikkje mitt husfolk vitna at alle fekk sin mette ved mitt bord?

32  Ein framand turvte aldri liggja utanfor mitt hus um natti; eg opna dørene for ferdamannen.

33  Hev eg løynt mine synder, slik som folk plar gjera, og dult mi misgjerd i min barm,

34  av di eg fælte for den store hopen, var redd vanvyrdnaden frå gjæve ætter, so eg gjekk still og heldt meg innum dører?

35  Å, um eg hadde ein som vilde høyra på meg! Sjå, her er underskrifti* mi, lat den Allmektige no svara meg! Å, um eg hadde skrifti som min motpart hev sett upp!

36  Då tok eg henne visst og sant på oksli, eg feste henne på mitt hovud som ei kruna;

37  eg svara han for alle mine steg, og som ein fyrste steig eg fram for han.

38  Dersom min åker klagar meg, og alle foror på han græt,

39  åt eg hans grøda utan vederlag, og bles eg livet ut for eigarmannen,

40  so lat det veksa klunger der for kveite, og ugras der eg sådde bygg! Her endar Jobs tale.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23