Jobs bok 30
1 Men no er eg til lått for dei som yngre er av år enn eg, for born av feder som eg ikkje vyrde so mykje at eg vilde setja dei millom mine gjætarhundar.
2 Kva hjelp kunde eg elles hava av dei, dei som hev mist all manndomskraft?
3 Uttalma er dei av naud og svolt; dei gneg på turre øydemoen, som alt i går var reine audni;
4 dei plukkar melde millom kjørri, og einerot hev dei til mat.
5 Frå folket vert dei jaga ut; ein ropar etter dei som etter tjuvar.
6 I fæle klufter lyt dei bu, i holone i jord og berg.
7 Dei skrålar millom buskone og samlar seg i netlerunnar,
8 born etter dårar, etter ærelause folk, jaga med hogg og slag or landet.
9 Og no er eg eit slengjestev for dei, og til eit ordtak hev dei meg.
10 Dei styggjest ved meg, held seg langt ifrå meg, dei skyr ikkje å sputta meg i andletet;
11 for sine taumar hev dei løyst og krenkt meg, og beislet hev dei kasta av for mine augo.
12 Til høgre reiser deira elde seg; dei skuvar mine føter burt og legg ulukkevegar mot meg.
13 Og stigen min, den bryt dei upp, dei legg seg um å tyna meg, dei som er hjelpelause sjølve.
14 Som gjenom vide murbrot kjem dei; igjenom mur som brotnar, velter dei seg fram.
15 Redslor hev vendt seg mot meg, som stormen elter dei mi æra, som skyi hev mi velferd kvorve.
16 No tømest sjeli ut i meg; usæle dagar held meg fast.
17 Natti gneg mine knokar av meg, min verk, mi pina kviler aldri.
18 Guds store kraft hev gjort det so med meg at ingen kjenner att min klædnad; tett heng han kring meg liksom kragen på min underkjole.
19 I skarnet hev han kasta meg, so eg ser ut som mold og oska.
20 Eg skrik til deg, du svarar ikkje; eg stend der, og du berre ser på meg.
21 Hjartelaus hev du vorte mot meg, med handi di, den sterke, er du etter meg.
22 Du lyfter meg og føykjer meg av stad i stormen, du let meg setja til i braket av han;
23 for eg veit du fører meg til dauden, til huset der alt levande skal samlast.
24 Men retter ikkje mannen ut si hand når allting sig i røys? Ropar han ikkje etter hjelp når han er komen i ulukka?
25 Gret eg 'kje sjølv når nokon røynde harde dagar? Og syrgde 'kje mi sjel for fatigmannen skuld?
26 For lukka venta eg - ulukka kom; ljos vona eg på - det kom myrker.
27 Det kokar inni meg og stilnar ikkje; usæle dagar hev eg fenge røynt.
28 Svart gjeng eg kring, men ikkje solbrend; midt i lyden stend eg upp og skrik um hjelp.
29 Bror åt sjakalar hev eg vorte, stallbror åt strussar er eg no.
30 Mi hud er svart og flaknar av, og mine bein hev heten brent.
31 Til sorgmod hev min citar vorte, og fløyta mi til gråt og klaga.