Jobs bok 29
1 Og Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2 Å hadde eg det som i forne månader, som i den tid då Gud tok vare på meg,
3 den gong hans lampa skein yver mitt hovud, og eg ved ljoset hans gjekk gjenom myrkret,
4 Ja, slik som i min mogne manndoms dagar, den tid Guds venskap var yver mitt tjeld,
5 då den Allmektige var med meg endå, og eg fekk hava mine born ikring meg,
6 då mine føter lauga seg i mjølk, og berget attmed huset mitt let oljebekker strøyma fram!
7 Når eg gjekk upp til porten uppi byen og sette meg i sessen min på torget,
8 då flutte ungdomen seg undan når dei såg meg, og dei gråhærde reiste seg og stod;
9 hovdingar stogga midt i talen og lagde handi på sin munn;
10 røysti åt stormenn tagna då, og tunga kleimde seg til gomen.
11 Kvar ein som høyrde um meg, sælka meg, og alle dei som såg meg, gav meg lovord.
12 For eg berga armingen som skreik um hjelp, og den som farlaus var og ingen hjelpar hadde.
13 Forkomen mann velsigna meg, og enkje-hjarta fekk eg til å jubla.
14 Eg klædde meg i rettferd, ho feste bu i meg; rettvisa var mi kappa og mi huva.
15 Den blinde var eg augo for, og føter var eg for den halte.
16 Eg var ein far for fatigfolk, og saki åt ukjende granska eg.
17 Eg knasa kjaken på den urettferdige, reiv fengdi ut or gapet hans.
18 Eg tenkte då: Eg skal få døy i reiret mitt, og talrike som sand skal mine dagar verta.
19 Til roti mi skal vatnet kunna koma, og nattedogg skal falla i mi kruna.
20 Mi æra held seg alltid ny, og bogen yngjest uppatt i mi hand.
21 Meg høyrde alle på, dei venta og lydde stilt når eg gav råd.
22 Når talen min var slutt, tok ingen ordet, min tale draup ned yver dei.
23 Dei venta på min tale som på regn, dei opna munnen som for vårregn.
24 Når dei var modlause, so smilte eg til dei, og ljoset i mi åsyn fekk dei ikkje myrkt.
25 Når eg fekk hug å vitja dei, so sat eg eg der som hovding, sat som ein konge i sin herflokk, lik ein som trøystar dei som syrgjer.