Jobs bok 28
1 Det er då so at sylvet hev si gruva, sin finningstad hev gullet, som dei reinsar;
2 jarn hentar dei or jordi fram, og stein vert smelta um til kopar.
3 Myrkret gjer dei ende på og granskar til dei inste krokar steinen som ligg i svarte myrkret;
4 dei bryt ei sjakt langt undan by og grend; dei ferdast gløymde der, djupt under manneføter; der heng og sviv dei langt frå folk.
5 Upp or jordi kjem det brødkorn; men inni, der vert allting umvelt som av eld.
6 Der held safiren til i steinen, gullklumpar finn ein ogso der,
7 Stigen dit ned, den kjenner ingen rovfugl, og inkje falkeauga såg han;
8 aldri steig stolte rovdyr på han, og ingi løva skreid fram der.
9 På harde steinen legg dei handi, dei velter heile fjell frå grunnen av.
10 I berget sprengjer dei seg gangar, og allslags gilde skattar fær dei sjå.
11 Dei dytter til for dropet frå vassåror og hentar løynde skattar fram i ljoset.
12 Men visdomen - kvar finst vel han? Og kvar hev vitet vel sin bustad?
13 Slett ingen veit kor mykje han er verd, han finst ikkje i landet åt dei levande.
14 Djupet segjer: Han er ikkje her, og havet segjer: Ikkje her hjå meg.
15 Du kann 'kje kjøpa han for dyre gullet og ikkje vega prisen upp med sylv.
16 Du veg han ikkje upp med Ofir-gull, med dyr onyks eller safir.
17 Gull og glas kann ikkje liknast med han, og ikkje kann ein byta seg han til for fingull-staup.
18 Korallar og krystall kann ikkje ein gong nemnast, og det å eiga visdom er meir verdt enn perlor.
19 Topas frå Etiopia kann ikkje liknast med han, reinaste gullet veg han ikkje upp.
20 Kvar kjem då visdomen ifrå? Og kvar hev vitet vel sin bustad?
21 Han er duld for augo åt alt levande og løynd for fuglane i lufti;
22 avgrunn og daude segjer so: Me høyrde berre ordet um han.
23 Gud kjenner vegen fram til han, han veit kvar visdom hev sin bustad.
24 For auga hans når ut til heimsens endar; alt under himmelen ser han.
25 Den gong han sette vekt for vinden og skipa mål åt vatnet med,
26 den gong han sette lov for regnet og laga veg åt eldingen,
27 då såg han visdomen og openberra han, han let han standa fram og granska han.
28 So sa han det til mennesket: Å ottast Herren, det er visdom, å fly det vonde, det er vit.