«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 27

1  Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2  So sant Gud lever, han som tok min rett ifrå meg, den Allmektige, som valda meg so beisk ei sorg

3  - for endå hev eg all min livspust i meg, og anden ifrå Gud er i mi nos -:

4  Lippone mine talar ikkje urett, og tunga talar ikkje svik.

5  Det hender aldri at eg gjev dykk rett! Ti dess eg andast, gjev eg ikkje upp mi uskyld.

6  Mi rettferd held eg fast og slepper henne ikkje; ingen av mine dagar lastar hjarta mitt meg for.

7  Lat fienden min standa der som ein ugudleg, min motmann som ein urettferdig!

8  For hev vel den gudlause nokor von, når Gud skjer av hans liv og tek hans sjel ifrå han?

9  Vil Gud vel høyra skriket hans når trengsla kjem innyver han?

10  Kann han vel gleda seg i den Allmektige, kann han til kvar tid kalla på sin Gud?

11  No vil eg læra dykk um Guds hand; eg dyl ikkje kva den Allmektige hev tenkt.

12  De hev då alle set det sjølve; kvi talar de då slike tome ord?

13  Høyr her kva lut ein gudlaus fær av Gud, kva arv ein valdsmann fær av den Allmektige:

14  Um han fær mange born - åt sverdet er dei etla; hans ættingar fær ikkje brød so dei kann mettast.

15  Dei som slepp undan, legst i grav ved pest, og enkjone held ingi syrgjehøgtid etter dei.

16  Dungar han sylv i hop som dust og samlar klæde liksom leir,

17  so vert det dei rettferdige som klæder seg med det han samla, og sylvet skal dei skuldlause få skifta.

18  Som molen hev han bygt sitt hus, likt hytta som ein vaktar lagar.

19  Rik legg han seg, og ingen ting er teke; men når han opnar augo, er det* burte.

20  Liksom ein flaum skal redslor nå han att, um natti vert han riven burt av stormen.

21  Han fer av stad, lyft upp av austanvinden; den blæs han burt frå staden hans.

22  Gud sender sine piler mot han utan miskunn; for handi hans flyr han i hast.

23  Hædande klappar dei i hender og pip han burt frå staden hans.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23