«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 26

1  Då tok Job til ords og sa:

2  Kor du hev hjelpt den maktlause og studt den arm som ingen styrke hev!

3  Kor du hev gjeve den uvise råd, for yvermål av visdom du hev synt!

4  Kven hev du bore ordi dine fram for, og kven si ånd hev tala gjenom deg?

5  Helheimens skuggar skjelv i angest, vassdjup og dei som bur i dei.

6  Helheimen ligg i dagen for han, og avgrunnen er ikkje gøymd.

7  Han breider Nordheimen ut yver audni, han hengjer jordi upp på inkje.

8  I sine skyer bind han vatni saman, og skyene brest ikkje under dei.

9  Han stengjer att so ingen ser hans kongsstol, han breider sine skyer yver han.

10  Ei grensa drog han i ein ring på vatni, langt ute, der som ljos og myrker møtest.

11  Stolpane under himmelen skjelv, og redde vert dei for hans trugsmål.

12  Han reiser havet med si kraft og krasar Rahab med sitt vit.

13  Ved hans ande klårnar himmelen; hans hand gjer av med den flogsnare draken.

14  Sjå, dette er utkanten berre av hans verk; ei kviskring berre av det ord me høyrer. Hans veldes toredun - kven skynar den?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23