«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 24

1  Kvifor let den Allmektige då aldri sine straffetider koma? Og kvifor kann 'kje dei som kjenner han, få sjå hans dagar?

2  Sjå berre: Folk flyt merkesteinar; dei ranar fe og sender det på beite.

3  Dei driv burt asnet åt den farlause; uksen som enkja eig, tek dei i pant.

4  Dei skuvar fatigfolk or vegen, og gøyma seg lyt alle spaklyndte i landet.

5  Ja, plent som villasen i øydemarki gjeng dei ut til strevet sitt og leitar etter føda; den aude heidi gjev dei brød åt borni.

6  På marki haustar dei inn foret åt den gudlause, og i hans vingard sankar dei det som er leivt.

7  Um natti ligg dei nakne, utan klæde og utan noko yver seg i kulden.

8  Av støytregnet på fjellet vert dei våte; dei vantar livd, og difor trykkjer dei seg innåt berget.

9  Den farlause vert riven burt frå brjostet, ein armings klæde gjeng i pant.

10  Dei ferdast nakne, utan klæde, og svoltne lyt dei bera kornband.

11  Dei persar olje millom murane åt dei ugudlege; dei trør vinpersone og tyrster.

12  Frå byen høyrest styn av folk som døyr, og dei som ulivssår hev fenge, skrik um hjelp; men Gud, han ansar ikkje slik ein urett.

13  Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg 'kje på ljossens stigar.

14  Fyrr dagen renn, ris mordaren, slær arm og fatig mann i hel; um natti er han so som som tjuven.

15  Horkaren speiar etter skymingi; han segjer: Inkje auga ser meg, og andletet sitt løyner han.

16  I myrkret bryt dei inn i husi, um dagen stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.

17  Den myrke natt er morgon for dei alle; dei kjenner redslone åt nattemyrkret.

18  Snøgt* vert dei rivne med av straumen; forbanna vert nok deira jord i landet; dei styrer ikkje sine steg til vinberg meir.

19  Som turk og hete gløyper snøvatn, so gløyper helheim dei som syndar.

20  Livet åt mor hans gløymer han, han vert til lostemat for makken, det er ingen meir som minnest han, og vondskapen vert som eit spildra tre.

21  Ja, soleis gjeng det med den som plundra den barnlause, som ikkje fødde, og aldri gjorde godt mot enkjor.

22  Men* Gud held valdsmenn lenge uppe med si kraft, dei reiser seg att, dei som hadde mist all von um livet.

23  Han let dei leva trygt og styd dei; hans augo vaktar deira vegar.

24  Dei stig so høgt; eit lite bel - so er dei ikkje meir; dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som topp på aks.

25  Og er det ikkje so, kven gjer meg då til lygnar? Kven er det som kann gjera mine ord um inkje?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23