«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 23

1  Då tok Job til ords og sa:

2  Den dag i dag gjeld klaga mi for trass, endå eg legg mi hand tungt på min sukk*.

3  Berre eg kunde finna han og koma meg fram for hans kongsstol!

4  Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov.

5  Då fekk eg vita kva han vilde svara meg, og merka kva han vilde segja til meg.

6  Tru han då vilde strida mot meg med si fulle makt? Skal tru um ikkje nettupp han gav ans på mine ord?

7  Då gjekk ein ærleg mann til doms med han, for all tid slapp eg frå min domar.

8  Men um eg gjeng mot aust, so er han ikkje der; gjeng eg mot vest, so vert eg ikkje var han;

9  er han i nord og verkar, kann eg ikkje sjå han; gjeng han mot sud, so øygnar eg han ikkje.

10  For vegen som eg held meg til, den kjenner han; prøvde han meg, so gjekk eg fram som gullet or den prøva.

11  Min fot hev halde seg i faret hans; eg fylgde vegen hans og krøkte ikkje av.

12  Det som hans lippor baud, det veik eg ikkje frå; eg ansa meir på ordi frå hans munn enn på mi eigi lov*.

13  Men kven kann hindra han, den einaste? Det som hans sjel hev hug til, gjer han og.

14  For han fullfører det som han hev etla meg, og det finst mykje slikt hjå han.

15  Difor reddast eg for hans åsyn; eg skjelv for han so tidt eg tenkjer på det*.

16  Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og den Allmektige hev skræmt meg;

17  for eg vart ikkje riven burt fyrr myrkret kom, og ikkje løynde han ulukke-natti for meg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23