«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 22

1  Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2  Kann vel ein mann vera til gagn for Gud? Nei, berre seg sjølv gagnar den vituge.

3  Hev den Allmektige vel nokon bate av di rettferd, er det til vinning for han at du ferdast rett?

4  Er det din gudlegdom han refser deg for, gjeng han til doms med deg for den?

5  Er ikkje vondskapen din stor, misgjerningane dine utan ende?

6  Du panta brørne dine grunnlaust, og av dei nakne drog du klædi.

7  Den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne neitta du ditt brød.

8  Men den som for med vald, fekk landet, den som var høgvyrd, budde der.

9  Du jaga enkjor burt med tome hender, og armane på farlause vart knasa.

10  Difor ligg snaror rundt ikring deg, og brått set redsla støkk i deg.

11  Eller ser du kanskje ikkje myrkret og flaumen som gjeng yver deg?

12  Bur ikkje Gud i himmelhøgd? Og sjå dei øvste stjernone, kor høgt dei stend!

13  Og endå segjer du: Kva veit vel Gud? Kann han vel døma gjenom myrkret?

14  Skyene heng attfor, so han ikkje ser, og uppå himmelkvelven gjeng han.

15  Vil du då fylgja same stigen som illverksmenner gjekk i gamle dagar,

16  dei som vart rivne burt i utid, og deira grunn flaut undan som ei elv,

17  som sa til Gud: Gakk burt frå oss! Kva kann den Allmektige vel gjera for oss? -

18  endå han fyllte deira hus med det som godt var? - Men tankane åt dei ugudlege er langt frå mine tankar. -

19  Dei rettvise såg det* med gleda, og dei skuldlause spotta dei:

20  Ja, no er fiendane våre tynte, og eld hev øydt all deira ovnøgd.

21  Forlik deg no med han, so fær du fred! Og so skal lukka timast deg.

22  Tak imot lærdom av hans munn, og legg deg ordi hans på hjarta!

23  Vender du um til den Allmektige, vert lukka di bygd upp på nytt; men du lyt hava urett burt frå tjeldi dine.

24  Ja, kasta gullet ditt i moldi, ditt Ofir-gull imillom bekkesteinar!

25  Då skal den Allmektige vera ditt gull, vera som haugar av sylv for deg;

26  for du skal gleda deg i den Allmektige og lyfta åsyni til Gud.

27  Når du då bed til han, so vil han høyra deg, og det du lovar, det skal du få halda;

28  set du deg noko fyre, skal det lukkast for deg, og yver dine vegar skal det skina ljos;

29  ber dei mot djupet, skal du segja: Upp! Og han skal frelsa den som slær sitt auga ned;

30  ja, han skal berga jamvel den som ikkje er uskuldig; ved reinleiken i dine hender skal han verta berga*.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23