Jobs bok 21
1 Då tok Job til ords og sa:
2 Høyr vel på det eg no vil segja, og lat det vera trøysti som de gjev meg!
3 De lyt tola meg, so eg fær tala; når eg hev tala, kann du spotta.
4 Er det eit menneske mi klaga gjeld? Eller kvi skulde ikkje åndi i meg verta utolmodig?
5 Vend dykk til meg og vert forfærde, so de lyt leggja hand på munn!
6 Eg fælast når eg tenkjer på det, ei bivring gjeng igjenom kroppen.
7 Kvi lever dei ugudlege, vert gamle med, ja, veks i velmakt?
8 Dei ser at borni trivst ikring dei, sitt avkjøme hev dei for augo.
9 Trygge er deira hus mot redslor, Guds ris kjem ikkje yver dei.
10 Hans ukse parar seg med heppa, og kui kastar aldri kalv.
11 Dei slepper borni ut som lamb, smågutane dei sprett og hoppar.
12 Dei syng til trumma og til citar og frygdar seg ved fløyteljod.
13 I lukka lever dei si tid, og i ein augneblink fer dei til helheim -
14 endå dei sa til Gud: Gakk frå oss! Me bryr oss ikkje um å kjenna dine vegar.
15 Kvi skulde me vel tena den Allmektige? Kva gagna det oss um me kom til han med bøn?
16 Men* lukka deira stend ikkje i deira eigi hand. -** Tankane åt dei gudlause er langt frå mine tankar.
17 Kor ofte sloknar lampa for dei gudlause, kor ofte hender det at ulukka kjem yver dei? Kor ofte gjev han dei vel pinslor i sin vreide?
18 Kor ofte vert dei vel som strå for vinden, som agner stormen fer av stad med?
19 Gud* gøymer straffi hans til borni. -** Ja, men han burde straffa mannen sjølv, so han fekk kjenna det.
20 Med eigne augo burde han få sjå sitt fall, han burde sjølv få drikka harm frå den Allmektige.
21 For kva bryr han seg um sitt hus når han er burte, når månadstalet hans er ute?
22 Vil nokon hjelpa Gud til visdom, han som er domar for dei høgste*?
23 Den eine døyr midt i si velmakt, fullkomleg trygg og ottelaus;
24 hans fat var fulle utav mjølk, og mergen i hans bein var saftfull.
25 Den andre døyr med sorg i hjarta, hev aldri note nokor lukka.
26 So ligg dei båe nedi moldi, og makk er deira yverbreidsla.
27 Sjå, dykkar tankar kjenner eg, og dei meinråder de vil slå meg ned med;
28 for de segjer; Kvar er huset åt valdsherren, og kvar er tjeldet dei gudlause bur i?
29 Hev de då aldri spurt vidfarne folk? Og deira vitnemål vil de vel ikkje vraka:
30 Den vonde han vert spard den dag ulukka kjem, på vreidedagen vert han berga undan.
31 Kven held hans ferd uppunder augo på han? Kven gjev han lika for hans gjerning?
32 Til gravi ber dei han med æra, og ved hans gravhaug held dei vakt.
33 Søtt fær han kvila under torv i dalen; i faret hans fer alle menneske, og tallause hev gjenge fyre han.
34 Korleis kann de då bjoda meg so tom ei trøyst? Av svaret dykkar vert det berre sviket att.