Jobs bok 19
1 Då tok Job til ords og sa:
2 Kor lenge vil de harma sjeli mi og krasa meg med ordi dykkar?
3 Tiande gongen spottar de meg no og skjemmest ikkje ved å krenkja meg.
4 Hev eg i røyndi fare vilt, so vert villfaringi mi eigi sak.
5 Er det vel råd at de vil briska dykk mot meg og syna meg at skammi mi hev råma meg med rette?
6 Vit då at Gud hev gjort meg urett og spana garnet sitt ikring meg!
7 Eg ropar: Vald! - men eg fær ikkje svar; eg skrik um hjelp, men det er ingen rett å få.
8 Han hev stengt vegen min, eg kann 'kje koma fram, og yver mine stigar legg han myrker.
9 Mi æra hev han drege av meg og teke kruna frå mitt hovud.
10 Han bryt meg ned på alle kantar, so eg gjeng til grunns, han rykkjer upp mi von som treet.
11 Han let sin vreide loga mot meg, og for ein fiend held han meg.
12 Hans herflokkar kjem alle saman og brøyter seg ein veg mot meg; dei lægrar seg kring tjeldet mitt.
13 Langt burt ifrå meg hev han drive mine brør, reint framande hev kjenningane mine vorte for meg.
14 Skyldfolki mine held seg burte, husvenene hev gløymt meg burt.
15 Huslyd og tenestgjentor held meg for ein framand; eg er ein utlending i deira augo.
16 Min tenar svarar ikkje når eg ropar på han; med eigen munn lyt eg naudbeda han.
17 Min ande byd imot for kona mi, eg tevjar ilt for sønene åt mor mi.
18 Ja, born dimeir vanvyrder meg; når eg vil reisa meg, so talar dei imot meg.
19 Dei styggjest ved meg alle mine umgangsvener, og dei som eg heldt av, hev snutt seg mot meg.
20 Mine bein stend ut igjenom hud og hold, og berre tannhinna er endå urøyvd på meg.
21 Miskunna meg, miskunna meg, de mine vener! For Gud hev kome åt meg med si hand.
22 Kvi elter de meg, de som Gud, og mettest aldri av mitt kjøt?
23 Men gjev at mine ord vart skrivne! Gjev dei vart rita i ei bok,
24 ja, vart med jarngriffel og bly for evigt hogne inn i stein!
25 Men eg - eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han standa fram på moldi.
26 Og etter denne hudi mi er øydelagd, skal eg ut frå mitt kjøt få skoda Gud,
27 han som eg skal få skoda, meg til hjelp, som mine augo skal få sjå og ingen framand - å, nyro tærest burt i livet mitt*!
28 Men når de segjer: Å, kor me skal elta han - de hev då funne ut at skuldi ligg hjå meg -
29 so lyt de akta dykk for sverdet; for vreide er ei synd som sverd skal straffa. Eg varslar dykk, so de skal hugsa: domen kjem.