«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 18

1  Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:

2  Når skal de setja stenge, tru, for ordi dykkar? Kom fyrst til vit, so kann me talast ved.

3  Kvi skal me reknast liksom fe? Kvi er me ureine i dykkar augo?

4  Å du som riv deg sund i vreide! Skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?

5  Men ljoset sloknar for ein gudlaus like fullt, og logen av hans eld skal ikkje skina.

6  Ljoset vert myrkt i tjeldet hans, og lampa sloknar yver han.

7  Hans sterke steg skal verta hindra, hans eigi råd skal fella han;

8  for inn i garnet vert hans føter fløkte, og uppi netet ferdast han.

9  Ei snara triv um hælen hans, eit reip tek fat og held han fast.

10  Garn til å fanga han ligg løynt i jordi, og fella ventar på hans veg.

11  Redslor set støkk i han frå alle sidor og jagar han kvar helst han set sin fot.

12  Av hunger vert hans styrke øydd, og ulukka stend reidug attmed han.

13  Hans hud vert upptærd stykkevis, ja, daudens eldste son* et upp hans lemer.

14  Or tjeldet sitt, som han set lit til, vert han riven burt, du styrer stegi hans til redsle-kongen.

15  I tjeldet hans bur framande, det vert strått svovel på hans bustad.

16  Hans røter turkast upp i grunnen, hans greiner visnar ovantil.

17  Hans minne kvorve er or landet, hans namn vert ikkje nemnt meir utpå marki.

18  Dei støyter han frå ljos og ut i myrker, dei driv han ut or manneheimen.

19  Barnlaus og ættlaus er han i sitt folk, og i hans bustader finst ingen som hev sloppe undan.

20  Vestmennene støkk for hans dag*, og redsla tek austmennene.

21  Just soleis gjeng det nidings hus, heimen åt den som ikkje kjenner Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23