Jobs bok 16
1 Då tok Job til ords og sa:
2 Eg hev høyrt mykje slikt som dette; brysame trøystarar er de alle.
3 Skal det då aldri verta slutt på tome ord? Eller kva tru det er som eggjar deg til svar?
4 Eg kunde vel og tala slik som de; var de i staden min, so kunde eg vel setja ord i hop mot dykk, eg kunde rista hovudet og hæda dykk;
5 eg kunde styrkja dykk med munnen*, medynk frå mine lippor kunde døyva verken dykkar,
6 um eg no talar, døyvest ikkje verken, og tegjer eg, kva lindring fær eg då?
7 Ja, no hev han plent mødt meg ut; du hev øydt ut min heile huslyd.
8 At du tok fat på meg, det vart eit vitne mot meg; mitt skrinne hold stod fram imot meg og vitna mot meg beint i syni.
9 Hans vreide reiv meg sund og elte meg; han gnistra tennene imot meg; min uven kveste augo på meg.
10 Dei* opna munnen sin imot meg, med hæding slo dei meg på kinni; dei slo seg saman mot meg alle.
11 Gud slepper meg i farke-vald og kastar meg i hendene på gudlaust folk.
12 Best som eg sat i fred, braut han meg sund, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva for seg sette han meg upp.
13 Hans skyttarar kringsette meg, han kløyvde mine nyro utan nåde; han tømde ut mitt gall på jordi.
14 Flengja på flengja reiv han i meg; han storma mot meg som ei kjempa.
15 Sekk hev eg sytt um hudi mi og stunge hornet mitt i moldi*;
16 andletet mitt er raudt av gråt, og daudeskugge ligg på augneloki -
17 endå det ingen urett finst i mine hender, og endå bøni mi er rein.
18 Gøym ikkje blodet* mitt, du jord! Gjev ingen kvilestad må finnast for mitt skrik!
19 Alt no hev eg i himmelen mitt vitne og i det høge ein som sannar mine ord.
20 Stødt spottar mine vener meg; mitt auga vender seg i gråt til Gud,
21 at han må gjeva mannen rett mot Gud og mannsbarnet imot hans næste;
22 for ikkje lid det mange åri fyrr eg fer den vegen som eg ikkje gjeng attende.