Jobs bok 13
1 Ja, auga mitt hev set alt dette, og øyra mitt hev høyrt og merka det.
2 Alt det de veit, det veit eg og; eg er 'kje mindre mann enn de.
3 Men eg vil tala no til den Allmektige, og eg hev hug å syna Gud at eg hev rett.
4 Men de driv og spinn lygn i hop, og låke lækjarar det er de alle.
5 Å, gjev de vilde tegja stilt! Det skulde reknast dykk til visdom.
6 Høyr på den skrapa eg vil gjeva, og akta på den tukt som kjem frå mine lippor!
7 Vil de forsvara Gud med urett, og vil de verja han med svik?
8 Vil de standa på hans sida eller vera Guds sakførarar?
9 Gjeng det dykk vel når han ransakar dykk, eller vil de narra han som når ein narrar folk?
10 Han kjem nok til å tukta dykk, um de i løyndom held med han.
11 Ja, visst og sant, hans høgd skal skræma dykk og redsla for han falla yver dykk.
12 Fyndordi dykkar vert til ord av oska; skansane* dykkar vert til leirskansar.
13 Teg stilt, lat vera meg, so eg kann tala, so fær det henda meg nett kva som vil!
14 Kvi skulde eg vel bera kjøtet mitt i tennene*? Nei, eg vil leggja livet i mi hand**.
15 Han drep meg nok - eg ventar på han; eg berre vil få syna han at eg hev fare rett.
16 Det og skal verta meg til frelsa; for ingen gudlaus torer koma for hans åsyn.
17 So høyr då vel på mine ord, lat mi utgreiding ganga inn i øyro dykkar!
18 Sjå, saki hev eg lagt til rettes; eg skal få rett, det veit eg visst.
19 Finst det nokon som vil tretta med meg? Då skal eg tegja stilt og døy.
20 Einast for tvo ting må du spara meg, so skal eg ikkje løyna meg for deg:
21 Gjer vel og tak di hand burt frå meg, lat ikkje dine redslor skræma meg!
22 So stemn meg då, so skal eg svara; eller lat meg tala, so svarar du!
23 Kor mange misgjerder og synder hev eg? Lat meg få vita brotet mitt og syndi mi!
24 Kvi løyner du di åsyn, tru? Kvi reknar du meg for din fiend?
25 Vil du då skræma eit burtblåse blad? Vil du forfylgja strået som er visna? -
26 sidan du dømer meg til slike harde lidingar og let meg erva syndene frå ungdomstidi,
27 set mine føter fast i stokken og vaktar alle mine vegar og dreg ein ring kring mine fotblad.
28 Slik fer du fram mot ein som tærest burt som morkna tre, som klædeplagget det hev vore mòl i.