«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 11

1  Då tok Sofar frå Na'ama til ords og sa:

2  Skal slik ein ordflaum vanta svar? Skal slik ein ordgytar få rett?

3  Skal skvaldret ditt få menner til å tegja? Skal du få spotta fritt og sleppa skjemsla?

4  Skal du få segja: Rein er læra mi, og fri for skuld er eg i dine augo?

5  Men um Gud berre vilde tala og opna munnen sin mot deg

6  og syna deg løyndomane i visdomen, at det i dei er vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av di misgjerning.

7  Skal tru du loddar botnen i Guds grunnhått eller når fram til den Allmektige si grensa?

8  Han* er so høg som himmelen, kva kann du gjera? - og djupare enn helheimen - kva veit du?

9  Lenger enn jordi når han ut, og breidare enn havet er han.

10  Um han fer fram og set i fengsel og kallar retten saman - kven vil hindra han?

11  For han, han kjenner falske folk og ser uretten um han ikkje aktar på han,

12  og jamvel ein uvitug mann fær vit*, og eit villasen-føl vert født til menneske.

13  Um du no bur ditt hjarta rett og retter dine hender ut mot han -

14  hav burt den syndi som kann finnast i di hand, lat ikkje urett bu i tjeldi dine -

15  då kann du, fri for lyte, lyfta åsyni og standa fast og sleppa reddast;

16  for du skal gløyma møda di, du minnest henne berre liksom vatn som rann sin veg.

17  Ditt liv skal verta ljosare enn høgste dag, og myrkret vert for deg som ljose morgonen.

18  Og du skal vera trygg, for du hev von; når du hev set deg vel ikring, so kann du ganga trygt til kvile.

19  Då fær du kvila, ingen kvekkjer deg, og då kjem mange til å smeikja for deg.

20  Men augo talmast på dei gudlause; no finst det ingi livd for dei, og deira von er å få andast.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23