«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Jobs bok 10

1  Mi sjel er leid av livet mitt; no vil eg sleppa laus mi klaga og tala i min såre hugverk.

2  Eg vil segja til Gud: Fordøm meg ikkje, seg meg kvifor du strider mot meg!

3  Finn du det godt å gjera vald, å vanda det som dine hender laga, og lata ljoset ditt få skina yver gudlaust råd?

4  Er augo dine manneaugo? Ser du som menneske plar sjå?

5  Er dine dagar liksom dagane åt mennesket? Er dine år som mannsens dagar? -

6  med di du leitar etter mi misgjerning og granskar etter syndi mi,

7  endå du veit at eg er ikkje gudlaus, og at det ingen finst som bergar or di hand.

8  Med dine hender hev du dana meg og skapt meg, heilt og i alle måtar, og so tyner du meg no!

9  Kom i hug at du hev forma meg som leiret, og no let du meg verta mold att!

10  Let du meg ikkje renna ut som mjølk og sidan stivna liksom ost?

11  Du klædde meg med hud og kjøt, vov meg i hop med bein og senar.

12  Du gav meg både liv og miskunn, di umsut verna um mi ånd.

13  Og dette* gøymde du i hjarta, eg veit du hadde det i tankar:

14  Du vilde vakta på meg når eg synda, og ikkje gjeva til mitt brot;

15  um eg var skuldig, usæl eg! Um skuldfri, fekk eg ikkje lyfta hovudet, mett som eg var av skam og med mi naud for augo;

16  og lyfte det seg lel, so jaga du meg som ei løva, og fór uskynleg med meg att;

17  du førde nye vitne mot meg og harmast endå meir på meg og sende mot meg her på her.

18  Kvi let du meg då koma ut or morslivet? Eg skulde fenge døytt fyrr noko auga såg meg;

19  eg skulde vore som eg aldri hadde vore til; dei skulde bore meg frå morslivet til gravi.

20  Er ikkje mine dagar få? - Gjev han heldt upp og let meg vera, so eg fekk ei liti gleda,

21  fyrr eg gjeng burt og ikkje vender att, til myrkret og til daudeskugge-landet,

22  eit land so myrkt som svarte natti, der daudeskugge og vanskipnad råder, der dagsljoset er som den myrke natti.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23