Profeten Jeremia 9
1 Å um hovudet mitt var vatn, og auga mitt ei tårekjelda! Då skulde eg gråta dag og natt yver dei som er drepne i folket mitt.
2 Å um eg i øydemarki hadde eit herbyrge for ferdafolk! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå dei; for alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar.
3 Dei spenner tunga som ein boge til lygn, og ikkje på ærleg vis hev dei vorte sterke i landet, men frå vondt til vondt hev dei gjenge fram, og meg kjenner dei ikkje, segjer Herren.
4 Vara dykk, kvar og ein for sin ven, og lit ikkje på nokon bror! For kvar ein bror er ein stor-svikar, og kvar ein ven fer med baktale.
5 Kvar og ein svik sin ven, og sanning talar dei ikkje; dei hev lært si tunge upp til å tala lygn, dei hev mødt seg ut med meinkrokar.
6 Du bur midt i svik; i sitt svik vil dei ikkje kjenna meg, segjer Herren.
7 Difor segjer Herren, allhers Gud, so: Sjå, eg vil smelta dei og prøva dei; for kva anna skulde eg gjera, slik som mitt folks dotter er?
8 Tunga deira er ei drepande pil, svik talar ho; med munnen talar dei venleg med næsten sin, men i hjarta legg dei snara for han.
9 Skulde eg ikkje heimsøkja dei for slikt? segjer Herren; skulde mi sjel ikkje hemna seg på slikt eit folk?
10 Yver fjelli vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkene i heidi med eit syrgjekvede; for dei er avsvidne, so ingen ferdast der, og ferauting høyrer ein ikkje; både fuglane i lufti og dyri hev flytt og fare burt.
11 Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byane i Juda vil eg gjera til ei audn, so ingen bur i dei.
12 Den mann som er vis, han skyne dette, og den som Herrens munn hev tala til, lat han kunngjera det: Kvifor er landet lagt i øyde? Kvifor er det avsvide som ei øydemark, so ingen ferdast der?
13 Og Herren sa: Sidan dei vende seg frå lovi mi, som eg la fram for dei, og ikkje høyrde på meg og ikkje levde etter henne*,
14 men fylgde sitt harde hjarta, og fylgde Ba'alane, soleis som federne deira hadde lært dei,
15 difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og eitervatn å drikka,
16 og eg vil spreida dei heidningfolk som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira, og eg vil senda sverdet etter dei, til dess eg fær tynt dei.
17 So segjer Herren, allhers Gud: Gjev gaum og kalla på syrgjekvendi at dei må koma, og send bod til dei kunnige kvinnone at dei må koma
18 og skunda seg og setja i eit syrgjekvede yver oss, so tåror kann trilla utor augo våre og augneloki våre vassfljuga.
19 For frå Sion høyrer ein omen av syrgjesong: Å, kor øydelagde me er! Me hev vorte ovleg vanæra; for landet laut me fly av di dei hev brote ned våre bustader.
20 Ja, høyr, de kvinnor, Herrens ord, lat øyra dykkar taka imot ordet frå hans munn, og lær døtterne dykkar syrgjesong, og den eine lære hi syrgjekvede!
21 For dauden stig upp i vindaugo våre, kjem inn i slotti våre, han vil rydja ut småborni på gata og ungdomane på torgi.
22 Seg: So segjer Herren: Manneliki skal liggja som møk på marki og som kornband etter skurdfolket, og ingen samlar dei upp.
23 So segjer Herren: Den vise rose seg ikkje av visdomen sin, og den sterke rose seg ikkje av styrken sin, den rike rose seg ikkje av rikdomen sin!
24 Men den som vil rosa seg, han rose seg av di han er vitug og kjenner meg, at eg er Herren, som gjer miskunn, rett og rettferd på jordi; for i sovore hev eg hugnad, segjer Herren.
25 Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja alle umskorne som er u-umskorne.
26 Egyptar-land og Juda og Edom og Ammons-borni og Moab og alle med rundklypt hår som bur i øydemarki, vil eg heimsøkja; for alle heidningefolki er u-umskorne, og heile Israels hus er u-umskore på hjarta.