«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jeremia 8

1  I den tidi, segjer Herren, skal dei taka beini åt Juda-kongane og beini åt hovdingane og beini åt prestane og beini åt profetane og beini åt Jerusalems-buane ut or gravene deira

2  og breida dei ut for soli og månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei fylgde og søkte og tilbad; dei skal ikkje verta samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.

3  Og dei skal velja dauden heller enn livet, alle dei som vert att av denne vonde ætti, på alle dei stader som eg driv dei burt til, segjer Herren, allhers Gud.

4  Og du skal segja til dei: So segjer Herren: Dett nokon og stend ikkje upp att? Eller gjeng nokon burt og snur ikkje um att?

5  Kvi hev då folket her i Jerusalem falle ifrå med eit æveleg fråfall? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje snu um att.

6  Eg gav gaum og lydde: dei talar det som ikkje er rett; det finst ikkje den mann som angrar sin vondskap og segjer: Kva hev eg gjort! Alle saman hev dei snutt seg burt i laupet som ein hest som renner av stad i strid.

7  Jamvel storken under himmelen veit sine tider, og turtelduva og svala og trana ansar på tidi når dei skal koma; men mitt folk kjenner ikkje Herrens lov.

8  Korleis kann de segja: Me er vise, og Herrens lov hev me hjå oss? Nei, sanneleg, lygn-pennen åt dei skriftlærde hev gjort henne til lygn.

9  Dei vise vert til skammar, dei vert tekne av reddhug, og ulukka råmar dei. Sjå, Herrens ord hev dei vanda; kvar skulde dei då hava visdom ifrå?

10  Difor vil eg gjeva konone deira til andre, jordene deira til nye eigarar; for både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning, både profetar og prestar, alle saman fer dei med svik.

11  Og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: Fred, fred! endå det ingen fred er.

12  Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort stygge ting. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast; difor skal dei falla med dei som fell; når heimsøkjingi kjem, skal dei snåva, segjer Herren.

13  Eg vil gjera av med dei, segjer Herren; det finst ikkje druvor på vintreet og ikkje fikor på fiketreet, og lauvet er visna, og eg sender mot dei folk som kjem yver dei.

14  Kvifor sit me i ro? Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste byane og tynast der! For Herren vår Gud vil lata oss tynast og gjeva oss eitervatn å drikka, av di me hev synda mot Herren.

15  Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, på ei tid med lækjedom, og sjå, det kjem fælske.

16  Frå Dan høyrer ein frøsing av øykene hans, og for kneggjingi av dei spræke hestane hans skjelv alt landet; og dei kjem og et upp landet og alt som i det er, byen og dei som der bur.

17  For sjå, eg sender imot dykk ormar, basiliskar som ikkje let seg mana burt, og dei skal bita dykk, segjer Herren.

18  Å, gjev eg fekk hugsvaling i mi sorg! Hjarta er sjukt i meg.

19  Sjå, naudropi frå folket mitt ljomar frå eit land langt burte: Er då ikkje Herren i Sion? Eller er ikkje kongen hennar der? - Kvi hev dei harma meg med gudebileti sine, med falske framande gudar?

20  Skurdonni er lidi, fruktonni er ende, men me er ikkje frelste.

21  Eg er sundbroten for di folket mitt vert sundbrote; eg gjeng i syrgjeklæde, fæla hev teke meg.

22  Finst det då ikkje balsam i Gilead? Eller bid det ingen lækjar der? Kvifor hev ikkje mitt folks dotter fenge bindsel på?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23